Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:936 (2013-2014)
Innlevert: 12.06.2014
Sendt: 13.06.2014
Besvart: 18.06.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Viser til svar på spørsmål 10/4.2014 av arbeids- og sosialministeren om frivillige medarbeidarar på sjukehus. Svaret var noko uklart, difor eit oppfølgingsspørsmål om same tema.
Vil statsråden presisere om det å vere frivillig medarbeidar ved eit sjukehus, som til dømes Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen, er akseptabelt om ein er arbeidssøkande og går på dagpengar, eller om ein då vil miste dagpengar?

Begrunnelse

Som bakgrunn viser ein til spørsmål datert 3.april 2014 om kor vidt arbeidssøkande kan vere frivillig medarbeidar samstundes som ein tar i mot dagpengar som arbeidssøkande. Haraldsplass Diakonale Sykehus har fått beskjed om at arbeidssøkande får beskjed frå NAV at dei ikkje har høve til å stille som frivillig medarbeidar, utan å misse rett til dagpengar. Om NAV Hordaland her har ein feil praksis, må statsråden klargjere dette. Det er behov for å klargjere om frivillige ved sjukehus som Haraldsplass vil kunne vere arbeidssøkande i NAV.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: I mitt svar frå 10. april gjorde eg greie for unntaket i dagpengeforskrifta § 4-4 om ulønna arbeid som ikkje fører til avkorting av dagpengane.
I og med at alt lønna og ulønna arbeid som hovudregel skal føre til at dagpengane blir avkorta, må det vurderast konkret i den enkelte dagpengesak om akkurat dette ulønna arbeidet er slikt frivillig arbeid som etter dagpengeforskrifta § 4-4 ikkje skal føre til at dagpengane blir avkorta. Då må det mellom anna vurderast kva konkrete oppgåver dagpengemottakaren utfører, kor mange dagar i veka vedkommande arbeider, og kven som er oppdragsgivar. Det er Arbeids- og velferdsetaten som gjer denne vurderinga.
Eg har altså ikkje grunnlag for å kunne gi eit generelt svar på om frivillig arbeid ved eit sjukehus alltid er innanfor reglane i dagpengeforskrifta § 4-4 eller ikkje.