Helge André Njåstad (FrP): Korleis vil justisministeren sørge for å gjera regelverket om offentleghetslova kjent for kommunane og følge opp at uheldig praksis ikkje er utbredt i norske kommunar?
Begrunnelse
Stavanger Aftenblad har gjennom artikkelserier om "barneoppgjør" avdekka ein svært uheldig praksis i Stavanger kommune der saksbehandling og møter ikkje har fulgt regelverket i offentleghetslova. Det er svært viktig for tilliten til lokaldemokratiet at offentleghetslova vert fulgt slik at media og publikum kan gjera seg kjent med forvaltninga. Det finnes regelverk om unntak for offentleggjering, men unntak for journalføring er ikkje mogleg. Det er ekstra alvorleg at dette framstår som ein langvarig praksis i ein av Norges største kommunar.