Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Dokument nr. 15:1000 (2013-2014)
Innlevert: 20.06.2014
Sendt: 23.06.2014
Rette vedkommende: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 03.07.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kan Statsministeren, på bakgrunn av det ho sjølv sa under 'Øvelse Gemini', gjere greie for kva nye tiltak ho vil setje i gang framover for å få betre utstyr, trening og fraktekapasitet i politiet og i forsvaret, og som ikkje var sett i gang av førre regjering - samt forklare kva som ligg i at regjeringa har sett i gang tiltak for å få ned 2-timars beredskapen til Forsvaret på transportstøtte?

Begrunnelse

Viser til skriftleg spørsmål av 04.06.2014, dokument nr. 15: 897 (2013-2014), med spørsmål om kva Statsministaren sikta til då ho sa til TV2 03.06.2014 at ho ville ruste opp både forsvaret og politiet i åra som kjem, og konkretiserte dette til å handle om utstyr, trening, og fraktekapasitet med helikoptar. Dette spørsmålet var vidaresendt av Statsministarens Kontor til Justis- og beredskapsministaren.

På grunn av det særs mangelfulle svaret frå Justis- og beredskapsministaren, som ikkje relaterte seg til spørsmålet, er eg diverre nøydd til å stille eit oppfølgingsspørsmål til statsministaren for å få klårheit i kva ho sikta til då ho lanserte nye tiltak hjå TV2 i samband med Øvelse Gemini.

I staden for å svare på det konkrete spørsmålet om planane statsministaren skisserte for framtida hjå TV2, valde Justis- og beredskapsministaren fyrst å peike bakover på førre regjering. Deretter viste han til at han har teke initiativ til å få ned 2-timars-beredskapen til Forsvaret som transportstøtte, men seier ikkje til kva initiativ dette er, sjølv om eg openbart har stilt eit spørsmål som krev konkrete svar (sjå spørsmålet: «Kva nye tiltak […]»).

I tredje avsnitt viser statsråden til at han har løyva meir pengar til politi i budsjettet for 2014, men spørsmålet mitt viser til kva som er planane framover, ikkje bakover (sjå spørsmålet: «[…] i nær framtid […]»).I siste avsnitt skriv statsråden at han vil følje opp politianalysa.Diverre er heller ikkje det svar på spørsmålet (sjå spørsmålet: «[…] og som ikkje vart sett i gang av førre regjering»). I sum er resultatet at eg ikkje har fått svar på det eg spurte om.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Spørsmålet er sendt til statsministeren, som har bede meg som ansvarleg statsråd om å svare på spørsmålet frå representanten Tajik.

Eg syner til spørsmål nr. 15/897 frå same spørjar. Eg svarte då slik på spørsmålet:



«Representanten Tajik er truleg kjent med at det på ulike nivå vert gjennomført ei rekke tiltak for å betre politiet sitt utstyr, trening og fraktekapasitet.

Den førre regjeringa starta nokre tiltak, men var kome særs kort når den nye regjeringa starta sitt arbeid.

Stoltenberg II-regjeringa godtok at Forsvaret med sin 2-timar beredskap skulle vere hovudtransportstøtte til bistandsressursane. Eg meiner ein ikkje kan godta så lang reaksjonstid, og har sett i gang fleire tiltak for å betre denne. Ei utfordring med dette arbeidet er likevel at det tek noko tid før ein snøggare reaksjonstid kan iverksettast.

Denne regjeringa føreslo også ei tilleggsløyving i statsbudsjettet, som er 100 millionar kroner høgare enn Stoltenberg II sitt framlegg. Bemanning og utstyr inngår i dette beløpet.

Regjeringa arbeider med å følgje opp politianalysa, der fleire relevante forhold som utstyr og transport vert handsama. I tillegg kjem ei rekke større og mindre tiltak, som vil gjere politiet betre rusta til å løyse sine oppdrag enn dei var under den førre regjeringa.»

Eg kan ikkje sjå grunnlag for å svare annleis på dette spørsmålet enn i svaret på spm. 897.

Vi har sett i gang eit arbeid for å betre Forsvaret sin transportstøtte til politiet. Det er ikkje teke nokon endeleg avgjerd om korleis dette skal skje. Vi vil orientere Stortinget på eigna måte om resultatet av dette arbeidet.