Jenny Klinge (Sp): Eg viser til svaret statsråden ga på skriftleg spørsmål 537 (2013-12014), kor det kjem fram at arbeidet med å gjera endringar i ordninga med fri rettshjelp no er i startgropa.
Kan statsråden avklåre om tilbodet av advokattenester i distrikta er eit moment som vil bli vektlagt i arbeidet som no er i gong?
Begrunnelse
For norske lokalsamfunn er det viktig med nærleik til all tenesteyting. Dette gjeld også tilbodet på advokattenester, som er særs viktig for lokal næringsverksemd. I tillegg representerer advokatar i lokalsamfunnet i seg sjølv ein kompetanse lokalt, også utanom kjøp av advokattenester. Advokatar er ofte ressurspersonar som er svært ettertrakta i styre i lokale bedrifter, organisasjonar og idrettslag. Til dømes nyttar næringslivet gjerne advokatar til generell rådgjeving, mellom anna for å sikre at både arbeidskontraktar og innleige av personell blir gjort i tråd med lovverket.
Vi veit samstundes at ordninga med fri rettshjelp er sjølve berebjelken i verksemda for mange advokatar og advokatkontor i distrikta. Ordninga med fri rettshjelp er mange stader det som gjer det mogleg å starte opp advokatfirma, og å halde drifta gåande. Utan ordninga med fri rettshjelp er det difor rimeleg å gå ut frå at ein god del advokatverksemder i distrikta gradvis vil forsvinne. Dette er forhold det er viktig å ha med seg når ein no skal gå gjennom og endre ordninga med fri rettshjelp.