Jenny Klinge (Sp): Eg viser til at det i Prop. 93 S (2013-2014) blir orientert om at det har vore «store utfordringer med saksbehandlerverktøyet til både lokal og sentral vergemålsmyndighet», og vidare at «som en følge av de vedvarende problemene ligger restansene på et høyt nivå, og fylkesmennene opplever situasjonen som kritisk».
Kan ministeren gjera nærare greie for kva som no blir gjort for at problema knytt til verjemålsreforma så raskt som mogleg kan bli løyste?
Begrunnelse
Den nye verjemålslova tredde i kraft 1. juli 2013. Overformynderia i kommunane vart med dette erstatta av Fylkesmannsembeta som verjemålsmyndigheit. I tillegg vart det etablert ei sentral verjemålsmyndigheit, som er lagt til Sivilrettsforvaltninga.
Informasjonen om gjennomføringa av verjemålsreforma og utfordringane som regjeringa kom med ved framlegginga av revidert nasjonalbudsjett, høver godt med tilbakemeldingar frå sivile aktørar om same saka. Det blir til dømes meldt om særs lange svartider på ulike søknadar frå verje til Fylkesmannsembeta. I tillegg melder verjer om at det er ei særs lang ventetid på å få utbetalt godkjent honorar.
Dette synleggjer at situasjonen blir opplevd som alvorleg også av dei som har med verjemålsinstituttet å gjera til dagleg. Mykje kan tyde på at styresmaktene ikkje har teke inn over seg kompleksiteten verjemålsreforma og gjennomføringa av denne har ført med seg.
Den store taparen som følgje av denne situasjonen kan raskt bli dei som har verje og rettstryggleiken deira, altså nettopp den gruppa verjemålsreforma skulle styrkje rettstryggleiken til.