Kjersti Toppe (Sp): Helse- og omsorgskomiteen er blitt kontakta av Tinn kommune ved rådmann som er bekymra over tempoet og omfanget av gjennomføringa av Utviklingsplanen Telemark HF. Helseministeren har informert Stortinget om at han i foretaksmøtet ga klar beskjed om at før akutt-tilbodet ved Rjukan blir lagt ned, må det vere oppdaterte og fornya planar for akuttfunksjonane utanfor sjukehuset.
Ut frå dette, vil helseministeren stoppe at avvikling av akuttfunksjonar ved Rjukan sykehus skjer allereie no til hausten?
Begrunnelse
Rådmann i Tinn kommune har blitt varsla om at Telemark HF i ei orienteringssak har behandla avviklinga av Rjukan sykehus. Ortopedisk aktivitet skal overførast til Notodden innan 01.10.14. Medisinsk akutt-aktivitet skal vidareførast til 20.06.15. Men det blir varsla at dette kan avviklast tidlegare om ein ikkje klarar å etablere tilfredsstillande kompetanse.
I føretaksmøtet var Statsråden klar på at før akutt-tilbodet ved Rjukan vart lagt ned, må det oppdaterte og fornya planar for akuttfunksjonar utanfor sjukehus. I Stortinget 17/6-14 bekrefta statsråden at han meinte at dei planane som er i dag, ikkje er gode nok. Dette skal på plass før akutt-tilbodet på Rjukan kan leggast ned. Statsråden sa vidare at " å levere dette allereie i forbindelsen med statsbudsjettet til hausten vil etter min oppfatning innebære at vi gir Sykehuset Telemark altfor stramme rammer - både tidsmessig og med tankte på de ikke kjenner til de økonomiske rammene - til at de kan levere en god plan."
statsråd Høie har altså gjort det klart at det må kome ein ny plan for prehospitale tenester og beredskap før akutttilbod kan leggast ned. Likevel ser vi no at føretaket varslar avvikling som planlagt. Det er heller ikkje samarbeid mellom kommune og føretak om dei endringane som skjer.