Kjersti Toppe (Sp): Kan helse- og omsorgsministeren stadfeste om H/FrP-byrådet i Bergen sin sponsoravtale med Hansa Bryggerier og kommunen sin provisjon av ølsalet under Tall Ships Races, er i tråd med overordna lovverk, og dersom ikkje, kva konsekvensar vil dette få for kommunen?
Begrunnelse
Ifølge BT 30/7-14 gikk Bergen kommune inn i ein sponsoravtale med Hansa Bryggerier i forkant av festivalen Tall Ships Races. Av sponsoravtalen mellom Bergen kommune og Hansa Borg Bryggerier, kjem det fram at Hansa har betalt kommunen provisjon på delar av festivalsalet.
Avtalen slår fast at kommunen skal få seks kroner pr. liter øl solgt på uteareala som blei oppretta spesielt for festivalen. I tillegg skal Hansa betale ein eingangssum på 200 000 kroner og gi Bergen kommune sponsorvarer for 175 000 kroner.
Som motytelse skulle Hansa få reklameplass og sentral eksponering under arrangementet. Kommunen sørgja i tillegg for at ingen andre drikkevarer enn Hansa sine produkt kunne selgast på uteområda knytt til festivalen. I forkant av festivalen inndrog kommunen nemleg uteområda som serveringsstadene rundt Bryggen nyttar til vanleg. Serveringsstadene fekk så tilbod om å leige områda tilbake i den tida Tall Ships Races varte, mot at dei betalte ekstra leige og mot at det berre blei servert Hansaprodukt.
Jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, uttalar til BT 30/7-14 at han meiner kommunen braut lova då dei valde ut Hansa som ølmonopolist og viser til at ein skjenkebevilling skal være produktnøytral, og at ein ikkje kan velje ut éin leverandør framfør andre.
Sjølv om Hansa er inne på sponsorsida på Tall Ships Races, meiner Bernt at dette ikkje legitimerer fordeler frå Bergen kommune - ikkje som grunneigar og ikkje som utdelar av skjenkebevilling.
Spørsmålet er om sponsoravtalen som er inngått der Hansa fekk einerett på ølsal utandørs og der kommunen fekk provisjon av ølsalet, er i tråd med alkohollova og anna overordna lovverk.