Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1081 (2013-2014)
Innlevert: 05.08.2014
Sendt: 05.08.2014
Besvart: 11.08.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Kvifor er ikkje Bergen og Hordaland med i fyrste forhandlingsrunde på bymiljøavtalane, og kva tiltak må eventuelt setjast i verk for at Bergen og Hordaland kjem med i denne fyrste runden?

Begrunnelse

Eg er blitt gjort kjent med Samferdselsdepartementets sitt brev av 2. juni til Vegdirektoratet om "Fastsetting av endelig rammeverk og generelle føringer for forhandlinger om helhetlige bymiljøavtaler". I punkt 5 står det at det berre er Akershus/Oslo og Trondheim som skal prioriterast i fyrste forhandlingsrunde. Eg vil visa til at det også er eit stort behov for å etablera ein bymiljøavtale for Bergen så raskt som mogleg som oppfølging av Nasjonal transportplan. Her er mellom anna Bybanen i Bergen eit av dei viktigaste einskildprosjekta for Bergensområdet si vidare utvikling. Eg gjer også merksam på at saka er omtala i Bergens Tidende 1. og 2. august 2014.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Samferdselsdepartementet har gjennom brev til Vegdirektoratet 2. juni 2014 fastsett endeleg rammeverk og gitt generelle føringar for forhandlingar om samordna bymiljøavtalar. Gjennom brev til Vegdirektoratet 4. juli 2014 er desse føringane supplerte med retningslinjer for statleg delfinansiering av viktige kollektivtransportprosjekt i dei største byane. Det kjem her tydeleg fram at det gjennom bymiljøavtalar med Oslo/Akershus, Bergen, Stavanger og Trondheim er aktuelt å gi statleg finansieringstilskot til Fornebubana i Oslo og Akershus, Bybana til Åsane i Bergen, Bussvei 2020 i Stavanger og superbussløysing i Trondheim. Bergen er altså ein av dei fire byregionane som først er aktuelle for bymiljøavtalar.

Gjennom rammeverket som er fastsett, blir det stilt visse krav til regionane før det er aktuelt å inngå ein bymiljøavtale. Desse krava omfattar mellom anna styringssystem, arealplanlegging og ei berekraftig finansiering av aktuelle tiltak, jf. at staten gir eit finansieringstilskot for viktige kollektivprosjekt på 50 prosent. Departementet meiner at Oslo/Akershus og Trondheim er komne lengst i å oppfylle desse krava, og at det derfor er naturleg å starte med forhandlingar om bymiljøavtalar i desse byregionane. Eg reknar likevel med at pågåande prosessar med vidareføring av bypakker, arealplanlegging og lokal bompengefinansiering i Bergens- og Stavangerregionen vil føre til at det relativt raskt blir aktuelt med forhandlingar om bymiljøavtaler i desse regionane også.

Statens vegvesen har fått i oppdrag å forhandle for staten om bymiljøavtalar. Etaten vil ha tett kontakt med Bergen og Hordaland i det vidare arbeidet med bymiljøavtalar.