Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1115 (2013-2014)
Innlevert: 19.08.2014
Sendt: 19.08.2014
Besvart: 25.08.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Asylsøkjarar som kjem til Noreg utan identifikasjonspapir får utstedt eit ID-kort ved innkomst. Det er imidlertid situasjonar kor dette ID-kortet ikkje blir godkjent som gyldig ID. Asylsøkjarar som har hatt utlegg til lege og rettmessig har krav på refusjon av utgiftene, får tilsendt utbetalingsblankett. Når dei så går på eit postkontor får dei ikkje ut pengane, og grunngjevinga er manglande gyldig legitimasjon.
Kva vil justisministeren gjera med dette?

Begrunnelse

Asylsøkjarar har problem med å få betalt ut pengar som staten (Pasientreiser/Helseforetak) har sendt til dei per giro. Retningslinene Posten og bankane har for godkjent ID gjer at dei ikkje godkjenner id-korta til asylsøkjarane. Og id-kortene er det Staten ved Politiets utlendingseinheit sjølv som har utstedt. Dette problemet må løysast for at dei menneska det gjeld skal få utbetalt pengar dei har krav på. Til dømes har ein familie på fire ved eit asylmottak i Møre og Romsdal rundt 2500 kroner uteståande, noko som er mykje pengar for ein slik familie. I verste fall vil somme vegre seg for å oppsøkje lege viss dei har opplevd at dei har hatt utgifter som dei ikkje får dekt i praksis sjølv om dei har krav på det. Dei ulike aktørane peiker på kvarandre, men statsråden har det øvste ansvaret for at systemet skal fungere. Nokon må gå inn i saka for å sjå korleis problemet kan løysast.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Asylsøkjarbevis, som politiet skriv ut, stadfestar at asylsøkjaren har lovleg opphald i Noreg medan søknaden er til behandling, men gir ikkje nokon sikker stadfesting av utlendingas identitet. Kortets opplysningar baserer seg normalt på søkarens egne opplysningar som på dette stadiet av søknadsprosessen ikkje har vært underlagt kontroll.
Innløysing av utbetalingsblankettar er å rekna som ein enkelttransaksjon og inneber ikkje etablering av eit kundeforhold til banken. Slike transaksjonar er difor ikkje omfatta av kvitvaskingsregelverket, og det formodas at det berre er i unntakstilfelle at brukarane møter slike problem som i den aktuelle enkeltsaka. Det synes som om det er fortolking av kvitvaskingsregelverket som er hovudspørsmålet. Justis- og beredskapsdepartementet vil derfor be Finansdepartementet om ei vurdering av regelfortolkinga i slike sakar. Eventuell vidare oppfølging vil deretter bli vurdert.
For øvrig vil eg gjere merksam på at regjeringa har satt ned eit eiget utval som skal gå gjennom og vurdere ID-spørsmål på ulike samfunnsområder. Eit av temaa som vil bli vurdert er kvaliteten på asylsøkjarbevisa og bruken av desse.