Ingrid Heggø (A): I reguleringane for fangst av kongekrabbe i 2014/2015 kom eit nytt krav om nedre lengde på seks meter for farty som fiskar i open gruppe. Dette betyr at mange fiskarar med små båtar langs Finnmarkskysten på kort varsel vart kasta ut av kongekrabbefisket.
Kan statsråden grunngje kvifor det er innført ein regel som fører til at fiskarar med dei minste båtane, kun i open gruppe, mister mogelegheita til å hente viktige inntekter frå kongekrabbefisket, og kva dokumentasjon fins på at eit slikt tiltak er viktig for dyrevelferden?
Begrunnelse
Då dei nye reguleringane for fangst av kongekrabbe i 2014/2015 vart kjent den 28.7.14, vart det klart at alle farty som tek del i open gruppe av den kvoteregulerte fangsten av kongekrabbe må ha ei lengde på seks meter.
Ifølgje Fiskeribladet Fiskaren betyr dette at 43 farty blir stengt ute frå fisket på grunn av at båtane er for små. Dei nye reguleringane fører til at mange fiskarar med små båtar mister viktige inntekter. Utestenginga vart og gjort på svært kort varsel, noko som sjølvsagt er problematisk. Dei nye reglane vil gjera det vanskeleg for kombinasjonsutøvarar å ta del i krabbefisket, då det ofte er dei som har små farty. Det har og komme reaksjonar på at reguleringane kan få konsekvensar for lokale fiskemottak, og dermed ramme lokalsamfunn fleire stader i Finnmark. Statsråden grunngjev det nye kravet med omsynet til dyrevelferd, og at ho vil ha meir profesjonalitet i kongekrabbefisket. Det er fleire som etterlyser dokumentasjon på at fiske med små båtar går ut over dyrevelferden. Statsråden blir difor bedt om å legge fram slik dokumentasjon, og ei forklaring på kvifor ein har valgt å skilje mellom open og lukka gruppe.