Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1143 (2013-2014)
Innlevert: 26.08.2014
Sendt: 27.08.2014
Besvart: 08.09.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Ved terrortrusselen mot Noreg i sommar, framstod det for omgjevnadene som at politiet viste rask omstillingsevne for å kunne takle ei eventuell ekstraordinær hending. I rapporten til 22. juli-kommisjonen vart det peikt på svakheiter ved kommunikasjon, dårleg evne til rask respons og manglande leiing. Stortinget skal i nær framtid handsame politianalysen.
Vil statsråden ta initiativ til at hendinga i sommar blir evaluert, og resultatet av denne gjort kjend, før Stortinget startar handsaminga av politianalysen?

Begrunnelse

Politianalysen er venta til handsaming i Stortinget. Når Stortinget skal handsame saka, er det viktig at vi får ein debatt basert på fakta og realistiske føresetnader. Sentralt i debatten er framtidig organisering av politietaten. I 22. juli-rapporten var det peikt på fleire svakheiter ved norsk politi.
Politiet har sjølv sett i verk målretta tiltak på bakgrunn av denne kritikken. Mange politidistrikt har gjennomført eigne prosjekt kor dei gjennomgår eigne organisasjonar med tanke på forbetringar.
Når Stortinget skal handsame politianalysen, må det ha kjennskap til korleis politi-Noreg fungerer i dag, ikkje i 2011. Korleis politiet taklar større og ekstraordinære hendingar er ein viktig del av dette. Ikkje berre korleis PST gjekk fram i situasjonen, men også korleis politidistrikta klarte å takle situasjonen. Hendinga og hevinga av trusselnivået sommaren 2014 vil derfor kunne tilføre debatten viktig og nødvendig informasjon.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Regjeringa har vedteke at det skal lagas ei evaluering av styresmaktenes handsaming av terrortrusselen sommaren 2014.
På same måte som etter hendinga i In Amenas er leiardepartementet gitt i oppdrag å samanstille ein samla rapport. I dette høvet var det Justis og beredskapsdepartementet som var leiardepartement. Alle departementa er kontakta og bede om å evaluere handsaminga av hendinga i eigen sektor og sende vurderinga si til Justis- og beredskapsdepartementet. Justis- og beredskapsdepartementet vil på same vis gå gjennom handsaminga av saken i eigen sektor. Mange av spørsmåla rapporten tek opp vil være høgt graderte. Det må difor takast opp til særskilt vurdering kva som kan gjerast offentleg.
Eg er kjent med at Stortingets kontrollorgan, EOS-utvalet, vil se nærere på arbeidet til dei hemmelege tenestene i samanhang med terrortrusselen.
Eg legg óg opp til at læring etter hendingar som denne vil vere eit viktig tilskot i arbeidet den komande politireformen, som tek for seg framtidas politi.