Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:1206 (2013-2014)
Innlevert: 11.09.2014
Sendt: 12.09.2014
Besvart: 16.09.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Regjeringa vil fjerne reguleringane av eigarskap i havbruksnæringa og forslag er sendt på høyring med frist på berre 6 veker. Det skal ikkje lenger stillast krav om søknad ved kjøp av 15 % eller meir av total MTB. Det kan heller ikkje stillast krav om FoU, bearbeiding, bruk av lærlingar eller spreidd aktivitet når selskap kjøper 15 % eller meir av den totale produksjonskapasiteten. Ministeren grunngjev forslaget med forenkling.
Kor mykje ressurser blir spart i høvesvis forvaltninga og næringa pga. endringane?

Begrunnelse

Nærings- og fiskeridepartementet sendte den 3.9.14 på høyring eit forslag om å fjerne særreglane som regulerer eigarskap i havbruksnæringa. Trass i at dei føreslåtte endringane får stor innverknad på kystsamfunna, er høyringsfristen sett til berre seks veker.
Endringane, som er i tråd med regjeringa sin ideologi om mindre politisk styring i fiskeripolitikken, betyr at det ikkje lenger blir krav om godkjenning frå departementet dersom ei bedrift vil kjøpe 15 prosent eller meir av produksjonskapasiteten i Noreg. Det offentlege skal heller ikkje kunne stille særskilte krav når ei verksemd eig 15 % eller meir av produksjonskapasiteten. I tråd med dagens regelverk blir krava til foredling, FoU, rekruttering og bruk av lærlinger gradvis strengare jo større eigarandelen er. Det blir òg stilt krav til eit aktivitetssenter i kvar region der verksemda driv. Regjeringa sitt forslag inneber at det offentlege ikkje lenger kan stille slik krav, og at høvet til å ta regionalpolitiske omsyn blir fjerna.
Oppdrettsnæringa skal sjølv regulera produksjon og bearbeiding ut frå marknadsomsyn. Fiskeriministeren si grunngjeving for å gjere desse endringane er at det vil føre til forenkling og mindre byråkrati. Det er difor av interesse å få innsyn i kor store ressursar det er forventa at endringane vil frigjere både i forvaltninga og i havbruksnæringa.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Per i dag er det berre eitt selskap som kontrollerer ein så stor del av produksjonskapasiteten at det er omfatta av forskrifta. Selskapet rapporterer årleg om korleis krava i løyvet er oppfylt, og selskapet sine planer og strategiar for framtidig oppfylling. Innsparingane i form av ressursar og frigjering av arbeidskapasitet i forvaltninga og selskapet er dermed ikkje store på kort sikt.
På lengre sikt er det ikkje usannsynleg at krava i forskrifta vil gjelde for fleire selskap. Ein auke i talet på selskap som har plikter etter forskrifta, vil også innebere både at fleire næringsaktørar må rapportere og at forvaltninga får ei større kontrolloppgåve.
Eg ønskjer ei lønnsam og konkurransedyktig havbruksnæring, og eg prøver å leggje til rette for det gjennom tenlege rammevilkår som fungerer godt. Slik det mellom anna er skildra i høyringsforslaget, er det vanskeleg å sjå at reguleringa verkar etter føremålet. Eg ønskjer ikkje at næringa skal måtte oppfylle krav der verknaden ikkje kan dokumenterast. Dette er og eit viktig omsyn, i tillegg til forenkling av rapportering og kontroll.
Etter mi meining er det på havbruksområdet rett at det enkelte selskapet sjølv får bestemme kor mange løyve selskapet skal kontrollere og korleis eigarskapet skal organiserast, innanfor ramma av konkurranseretten. Forskrifta står dermed fram som ein unødvendig særregel, som ikkje fungerer etter føremålet.
Når dette er sagt, meiner eg ikkje at oppdrettsselskap ikkje skal satse på bearbeiding i Noreg, FoU og rekruttering av ung arbeidskraft, som stimulerer til aktivitet og innovasjon i norske kystdistrikt. Næringa treng å intensivere innsatsen sin på desse områda. Ei forskrift med førehandsfastsette og byråkratiske krav er likevel ikkje vegen å gå. Eg kjenner heller ikkje til at næringsaktørar på særleg mange andre næringsområde er underlagt tilsvarande reguleringar, sjølv om det er eigarskapsreglar i nokre fartøygrupper på fiskeriområdet. Desse reglane skil seg likevel frå havbruksreglane, ved at dei ikkje inneheld krav til aktiviteten.