Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:1208 (2013-2014)
Innlevert: 11.09.2014
Sendt: 12.09.2014
Besvart: 19.09.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til Meld. St. 45 (2012-2013)Frihet og likeverd, og Stortinget si handsaming av denne. Eit samrøystes Storting bad regjeringa setje ned eit breitt samansett utval som skal foreslå eigna og konkrete tiltak som styrkjer grunnleggjande rettar til personar med utviklingshemming sin autonomi, privatliv, familieliv og samfunnsdeltaking. Etter snart 7 månadar er utvalet framleis ikkje sett ned.
Når skal utvalet setjast ned, og er ikkje dei utviklingshemma ei prioritert oppgåve i departementet?

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: Eg er glad for at det var eit samla Storting som stilte seg bak Innst. 127 S (2013 – 2014) Innstilling til Stortinget frå arbeids- og sosialkomiteen. Sidan regjeringa mottok oppmodningsvedtak nr 357 (2013-2014) i mars, har det vore arbeidd med å følgje opp vedtaket. Vi har brukt tid på å få på plass eit breitt og godt mandat. Andre departement har vore rådspurt om arbeidet med mandatet, og har gjeve innspel til moglege medlemmer av utvalet. Vi er nå heilt i sluttfasen med utvalet og arbeider for at utvalet skal setjast ned i løpet av kort tid. Eg har vore opptatt av at vi skal få eit utval som har god kunnskap på feltet, slik at dei kan levere ei utgreiing som bringar arbeidet for å betre livsvilkåra til personar med utviklingshemming eit steg framover.
Eg prioriterer arbeidet med å følgje opp alle dei diskrimineringsgrunnlaga som eg har ansvar for, også rettar til personar med utviklingshemming. Da Stortinget behandla stortingsmelding 45, sa eg at utvalet ikkje må bli ei sovepute, men at regjeringa skal vise at det er mogleg å sette i gang tiltak undervegs. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har difor fått ei rekkje oppgåver på feltet, som dei arbeider godt og kontinuerleg med og eit koordineringsansvar overfor andre departement.
Eg ser fram til å kunne presentere utvalet om kort tid, og vil framover fortsette å arbeide for å betre levekåra til personar med utviklingshemming.