Sveinung Rotevatn (V): Kva EU-direktiv, -avgjerder, -rekommandasjonar og -retningslinjer som påverkar norsk miljøpolitikk er enda ikkje blitt heilt eller delvis innført i Noreg?
Begrunnelse
EØS-avtalen inneber eit breitt og forpliktande samarbeid med EU på miljøområdet. Miljøpolitikken til EU har mykje å seie for utviklinga av norsk miljøpolitikk.
Summen av miljøregelverk, sektorpolitikk og sektorovergripande politikk som blir innlema i norsk regelverk som følgje av EØS-avtalen gjer EU til ein sentral faktor for utviklinga av norsk miljøpolitikk.