Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1214 (2013-2014)
Innlevert: 12.09.2014
Sendt: 12.09.2014
Besvart: 19.09.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Dagens anbodsperiode på ferjedrift E39 Lote-Anda går ut 31.12.2015. Høyringa for nytt ruteopplegg vart avslutta for eit halvt år sidan. Alle høyringsinstansar tilrådde 20-minuttsruter på dagtid frå 1.1.2016. Det er også tilrådd som strakstiltak i KVU Skei-Volda etter Regjeringa sitt konseptval av "indre trasé".
Vil Samferdsleministeren legge opp til 20- minutts rutefrekvens på E39 Anda-Lote frå 1.1.2016, slik SVV tilrår som strakstiltak i Regjeringa sitt konseptval for E39-Skei-Volda?

Begrunnelse

I påvente av ferjefri E39 er hyppigare ferjefrekvens det mest effektive strakstiltaket for å få ned reisetid og kostnader for trafikantane på E39. I Sogn og Fjordane er det to ferjesamband på E39, Lavik-Oppedal (Sognefjorden) og Anda-Lote (Nordfjorden). på Lavik-Oppedal er det lagt inn 20-minuttsfrekvens i nytt anbod frå 2015.
I Statens Vegvesen Region Vest sitt høyringsutkast til nytt ruteopplegg for Lote-Anda frå 2016/17 var det ikkje lagt opp til 20-minuttsavgangar på dagtid. I høyringsrunden (januar/februar 2014) gjekk samtlege høyringsinstansar sterkt inn for 20-minuttsavgangar på dagtid, herunder Sogn og Fjordane fylkeskommune, regionrådet i Nordfjord, næringslivsorganisasjonar og Helse Førde. I tillegg til dei reisetidsmessige fordelane, påpeiker Helse Førde kor viktig 20- minuttsavgangar er for trafikktryggleik og beredskap.
Høyringsinstansane understrekar også at eit nytt anbod med 20- minuttsavgangar må gjelde frå 2016, og ikkje skyvast lenger ut i tid. Det har no gått over eit halvt år etter at høyringa vart avslutta, ut an at noko avklaring er gitt.
20-minuttsavgangar frå 2016 vil også vere ei naturleg oppfølging av at Regjeringa i juni 2014 peika ut "indre trasé" for E39 Skei-Volda. I Statens Vegvesen sin KVU for indre trasé, er 20-minutts ferjeavgangar på E39 Lote-Anda blinka ut som første strakstiltak etter at trasevalet er gjort. Dette har også støtte frå eit samla politisk miljø i Sogn og Fjordane, inkludert regjeringspartia.
Anda-Lote er mellom dei 15 mest trafikkerte ferjesambanda i landet. Overfartstida er kort (ca. 8 minutt). Når Lavik-Oppedal neste år får 20- minuttsfrekvens, er Anda-Lote det einaste av dei tre store ferjesambanda på stamvegnettet i Sogn og Fjordane som ikkje har 20-minuttsfrekvens.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg viser til mitt svar på spørsmål nr. 842 (2013–2014) frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.
Ferjesambandet Anda-Lote skal lysast ut i nytt ferjeanbod med oppstart 1.1.2017. Statens vegvesen arbeider no med å førebu dette anbodet. Eg har enno ikkje fått Statens vegvesen si tilråding med dei bakanforliggande analysane, og kan difor ikkje svare på kva frekvens som skal nyttast i anbodet.