Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1221 (2013-2014)
Innlevert: 15.09.2014
Sendt: 16.09.2014
Besvart: 06.10.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva er status i arbeidet med "Nasjonale retningslinjer for redningstjenesten - søk etter savnet person på land"?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Justis- og beredskapsdepartementet har motteke forslag til «Retningslinjer for søk etter savnet person på land» fra Nasjonalt Redningsfagleg Råd. Nasjonalt Redningsfagleg Råd blei i sin tid oppretta av Justis- og beredskapsdepartementet med det formål å bidra til og vere ein støtte for departementet sitt arbeid for ein sikker og formålstjeneleg redningstjeneste. Rådet skal blant anna utveksle erfaringer og informasjon med målsetting om å styrke redningstjenesta og samvirket mellom relevante aktørar, bidra med forslag til ein fagleg kvalitativ utvikling av redningstjenesta, og etter anmodning eller på eget initiativ understøtte departementet med råd og informasjon. Rådet vert leia av hovedredningssentralane og er satt saman av representantar frå ein rekkje redningsaktørar (offentlege, private og frivillige), herunder politiet. Rådet møtast minst 2 ganger i året og Justis- og beredskapsdepartementet er representert i rådet med status som observatør. Forslaget til retningslinjer for søk etter savnet person er nå til handsaming i departementet, og me tek sikte på ei snarleg avgjerd i saka.