Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1267 (2013-2014)
Innlevert: 30.09.2014
Sendt: 30.09.2014
Besvart: 07.10.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Når vert ny redningsdirektør tilsett med ansvar for begge hovudredningssentralane, og når vert kgl. Res. om redningstenesta «Instruks for redningstjenesten» av 13. september 2013, sett i kraft?

Begrunnelse

Førre regjering ville styrke samordninga av redningstenesta. Instruks av 23. september 2013 gjorde ansvar, oppgåver og roller i redningstenesta klårare, og erstatta dei to kollektive redningsleiingane ved Hovedredningssentralen med eit nasjonalt redningsråd. Slik kunne ein bruke kompetanse og ressursar betre, ved å ha sentralane samla i ein organisasjon med ein felles leiar.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Det var ulike syn hos høyringsinstansane på «Instruks for redningstjenesten» av 13. september. Regjeringa ønskjer derfor å gjere si eiga vurdering av styringsstrukturen for ein så viktig funksjon som redningstenesta skal vere. Eg er opptatt av at vi får til dette så raskt som mogleg og med gode og gjennomtenkte vurderingar for å få eit bra sluttresultat. Det er viktig at vi ikkje endrar for å endre. Ei eventuell endring skal vere til det betre og ikkje gå på kostnad av evna til å handtere dei konkrete hendingane. Derfor vil vi ha ei grundig vurdering av om det er føremålstenleg å utvikle nytt byråkrati og nye styringsstrukturar eller om eksisterande instruks kan moderniserast og oppdaterast.