Kjersti Toppe (Sp): Mange helsepersonell kjem til Noreg frå andre land for å arbeide i norsk helsevesen. I tillegg er mange norske medisinarstudentar utdanna i utlandet. Antibiotikabehandling er unik ved at det er den einaste behandlingsform som varierer frå land til land. Feil og unødvendig antibiotikabruk kan fremje utvikling med antibiotikaresistens i Noreg.
Kan helseministeren gjere greie for korleis Regjeringa vil sikre at ingen legar får praktisere i Noreg utan grundig innføring og opplæring i forsvarleg, norsk antibiotikabruk?
Begrunnelse
I «Nasjonal strategi for forebygging av infeksjoner i helsetjenesten og antibiotikaresistens (2008-2012)" blei det grundig omtala den utfordringa som er med at helse- og dyrepersonell blir rekruttert frå utlandet, der det kan vere ein heilt annan praksis for bruk av antibiotika. Noreg har ein gunstig resistenssituasjon, der vi kan nytte billege og smalspektra antibiotika der andre land må nytte nye, resistens- drivande og også dyrare antibiotika.
Det er avgjerande for å hindre ei utvikling i Noreg med aukande problem med resistente bakteriar at vi har ein restriktiv bruk av antibiotika, og at antibiotikabruken går ned. Då trengs det gode system som sikrar at ingen legar får jobbe med pasientar i Noreg, utan at dei har fått grundig opplæring i fagleg korrekt antibiotikabruk, det gjeld både om ein skal arbeide på sjukehus, på sjukeheim, på legevakt eller som fastlege. Det må gjelde både vikarar og dei som arbeider i fast stilling. Vidare må det vere system som sikrar at feil føreskrivning av antibiotika, må få konsekvensar.