Liv Signe Navarsete (Sp): Kva ligg til grunn for auka i produktavgifta på saft i regjeringa sitt framlegg for statsbudsjettet 2015?
Begrunnelse
1. januar 2007 blei det innført produktavgift på saft i Noreg. Denne produktavgifta har Høgre, og spesielt Høgre sin stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Bjørn Lødemel, marknadsført seg som ein tydeleg motstandar av. Også Jan Tore Sanner og statsminister Erna Solberg har vitja Lerums og fått informasjon om saka.
Tysdag den 12. juni 2012 sa Lødemel følgjande til Sogn Avis:
"Eg håpar no at me snart skal få bukt med den urettferdige produktavgifta dei raudgrøne partia på Stortinget innførte i 2007. Ei avgift som kom nærast over natta, og som for ei verksemd som Lerum Fabrikker førte med seg eit avgiftshopp på 40 millionar kroner i året."
I eit lesarinnlegg i Sogn Avis 4. desember 2012, etter finansdebatten, skreiv Lødemel :
"Dersom Sp- og Ap-politikarane frå fylket hadde gjort som Høgre og sett handling bak orda hadde Lerum fått redusert produktavgifta med 20 millionar kroner. Det hadde styrkt konkurransekrafta og sikra viktige arbeidsplassar både i landbruksnæringa i Sogn og Fjordane og hjå Lerum. Eg håpar veljarane gjev Høgre tillit så vi kan få gjort noko med dette etter 9. september 2013.
I forslaget til neste års statsbudsjett har regjeringa gjort det stikk motsette av kva Høgre sin representant frå Sogn og Fjordane har varsla i lang tid. I staden for å redusere avgifta har ein i budsjettforslaget auka avgifta med sju øre. Ei av bedriftene som vil merke effektane av dette er Lerum AS. For Lerum AS vil dette bety éin million kroner i ekstra utgifter. I tillegg opplever selskapet ei auka grunnavgift på to øre per flaske. Den raudgrøne regjeringa la i budsjettet for 2014 fram forslag om å endre produktavgifta slik at kun dei produkta med aller mest sukker skulle bli omfatta. Etter regjeringsskiftet har dette arbeidet stansa opp."