Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:107 (2014-2015)
Innlevert: 22.10.2014
Sendt: 22.10.2014
Besvart: 31.10.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Ei rekkje studiar dokumenterer at alkohol har negative konsekvensar for arbeidslivet. Det er til dømes påvist samanhengar mellom rusmiddelbruk og fråvere, ulukker, yteevne og kvalitet på utført arbeid.
Har statsråden rekna på kor store dei alkoholrelaterte kostnadane er for arbeidslivet, og kva er regjeringa sin politikk for å redusere alkoholrelaterte kostnadar for arbeidsgjevarane og samfunnet?

Begrunnelse

I 10 år har det vore sagt at dei samla kostnadane som følgje av alkoholbruk ligg på mellom 11,5 og 12,5 mrd. kroner kvart år for norsk arbeidsliv. Dette jamfør Gjelsvik-rapporten, publisert i Notatserie om helseøkonomi nr 07/04 (Rokkansenteret). Her er det teke med kostnadar knytt til sjukefråvere, arbeidsløyse, for tidleg død og reduksjon i kvalitet på arbeidsutføring. Det er grunn til å stille spørsmål ved om desse utrekningane er dekkande, då dei først og fremst tek omsyn til dei samfunnsøkonomiske kostnadane, og ikkje dei totale alkoholrelaterte kostnadane for arbeidsgjevarane. Det ligg difor i spørsmålet at underteikna ønskjer å vite om statsråden og departementet har eigne og oppdaterte utrekningar, eller om ein meiner tala i Gjelsvik-rapporten er rette.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Statens institutt for rusmiddelforsking er det nasjonale kompetanseorganet på rusmiddelsituasjonen i Noreg. Alkohol og arbeidsliv er eit sentralt forskingstema, og instituttet arbeider mellom anna med å kartlegge rusmiddelbruk blant norske arbeidstakarar og konsekvensane av slik bruk. Å anslå dei økonomiske omkostningane forbundne med alkoholbruk er likevel ei svært vanskeleg øving. I NOU 2003: 4 Forsking på rusmiddelfeltet blei det påpeikt:

«For å kunne berekne samfunnsøkonomiske kostnader knytta til bruk av rusmiddel, må man vite kva konsekvensar bruk av rusmiddel har og man må ha en metode for å berekne den økonomiske verdien av disse konsekvensane. Det kan virke umulig å ha denne kunnskapen både av teoretiske og praktiske grunner.».

Per i dag er utgreiinga frå 2004 om dei samfunnsmessige omkostningane relatert til alkohol av Roar Gjelsvik ved Program for helseøkonomi i Bergen, det beste anslaget vi har over omkostningane. Forsking har stadfesta at det er ein samanheng mellom alkoholbruk og fråvær frå jobb, og samanhengen er størst der det finst eit risikofylt alkoholkonsum.

Regjeringa er opptatt av at hovudlinjene i alkoholpolitikken skal liggje fast. Rammene for alkoholpolitikken er i stor grad lagt av staten gjennom alkohollovgivinga. I tillegg er kommunane sentrale i folkehelsearbeidet – også på alkoholsida, gjennom utforming av den lokale alkoholpolitikken.

Den 7. august 2014 blei det halde eit toppleiarmøte om rus og arbeidsliv i regi av Helsedirektoratet i samarbeid med AKAN Kompetansesenter, der eg deltok saman med representantar frå partane i arbeidslivet og sentrale forskingsmiljø. Formålet med møtet var å skape ei felles forståing av kva utfordringar knytta til rus og rusmiddelførebygging som arbeidslivet står overfor. Møtet viste at det er vilje til å arbeide med tematikken både frå statlege myndigheiter og frå arbeidslivet. Samarbeidet mellom partane og sektorane er grunnleggande og elementa som kom fram i møtet må følgjast opp. Stikkord er å byggje vidare på AKAN-arbeidet med verktøy for små og mellomstore bedrifter, og bidra til bevisstgjering av leiarar og tillitsvalde.

Reglane i arbeidsmiljølova har fyrst og fremst som mål å sikre eit trygt arbeidsmiljø og ein meiningsfylt arbeidssituasjon. Ut frå eit helse-, miljø- og sikkerheitsomsyn er det viktig at verksemdene er merksame på situasjonar kor bruk av rusmiddel kan utgjere ein særleg sikkerheitsrisiko på arbeidsplassen.