Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:124 (2014-2015)
Innlevert: 24.10.2014
Sendt: 27.10.2014
Besvart: 31.10.2014 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Meiner kommunal- og moderniseringsministeren det er rett at Sogn og Fjordane fylkeskommune enten må kutte i andre prioriterte område eller ta frå andre omstillingskommunar i fylket for å innfri regjeringa sine løfte til Lærdal kommune om forlenging av omstillingsperioden etter brannen og ei ekstra løyving på 5 mill. kroner?

Begrunnelse

I brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet datert 23. mai 2014 står dette:

"Lærdal kommune har også søkt om ekstraordinære omstillingsmidlar på til saman 30 mill. kroner i perioden 2015-2017. Fylkeskommunen fordeler dei ordinære omstillingsmidla, og Lærdal har motteke midlar i perioden 2012-2014. Grunna brannen finn departementet det rimeleg at omstillingsperioden forlengast med eit år. Sogn og Fjordane fylkeskommune vil difor få auka si ramme med 5 mill. kroner i statsbudsjettet for 2015. Desse midla vil bli løyvd til fylkeskommunen, men øyremerka til Lærdal."

No viser det seg at desse 5 mill. kroner er lagt inn i det samla skjønnstilskotet for omstilling slik at det reelt er ein kraftig reduksjon i omstillingsmidlar til fylket. Det har sett både Lærdal kommune og fylkeskommunen i ein vanskeleg situasjon, der sistnemnde har to val. Den eine er å omprioritere innan omstilling. Andre alternativet er å redusere andre område for å auke opp omstilling. Uansett blir det enten andre omstillingskommunar eller andre satsingsområde som må betale auken til Lærdal.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Eg har vurdert tildelinga av midlar til omstillingsarbeidet i Lærdal på nytt. Eg har forståing for dei argumenta som fylket kjem med, og eg er oppteken av at Lærdal skal få dei midlane som regjeringa har lova. Eg vil derfor syta for at Lærdal får ei tilleggsløyving på 2 millionar kroner som skal nyttast til kommunale tiltak som følgje av brannen og trongen for kommunal omstilling i Lærdal.
Dette inneber at Sogn og Fjordane fylkeskommune får 9 millionar kroner til dei tre omstillingskommunane Askvoll, Hyllestad og Lærdal, og at Lærdal får ytterligare 2 millionar kroner i skjønnsmidlar. Dette blir til saman 11 millionar kroner. Eg legg vidare til grunn at fylkeskommunen nyttar minst 3 av dei 9 millionar kronene til Lærdal. Dei resterande 6 millionar kronene kan fylkeskommunen fritt prioritere til alle dei tre omstillingskommunane. Det inneber at det vil vere opp til fylkeskommunen å avgjere om Lærdal skal få tildelt meir enn 5 millionar kroner.
Når det gjeld 2016 og 2017, vil eg kome attende i dei årlege statsbudsjetta når det gjeld løyvinga til omstillingsarbeidet i Sogn og Fjordane.