Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:130 (2014-2015)
Innlevert: 27.10.2014
Sendt: 28.10.2014
Besvart: 03.11.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): I media har vi den siste tida fått kjennskap til at politiet må kutte 105 millionar kroner i overtidsbruk. Særleg politidistrikta lengst nord må ta store delar av kuttet.
Kor og korleis ser statsråden for seg at kuttet skal gjennomførast, og vil Noreg som ei følgje av kuttet få svekt grenseberedskap mot Schengens yttergrense i Aust-Finnmark?

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Regjeringa har i Prop. 1 S (2014-2015) for Justis- og beredskapsdepartementet føreslått å redusere løyvinga til politi- og lensmannsetaten med om lag 105 millionar kroner i samband med avbyråkratisering- og effektiviseringsreform i staten. Dette er mellom anna knytt til anskaffingar, betre bruk av ATB-avtalen i politiet og sentralisering av utlendingsforvaltninga si førstelineteneste i politiet.

Det er lagt til grunn ei samla innsparing knytt til betre forvaltning av ATB-avtalen og overtidsbruk på om lag 35 millionar kroner. Politidirektoratet har gjennom fleire år analysert omfang og praksis knytt til etablering av tenestelister og forbruk av midlar til overtid, og har minska unntaka frå føresegnene. Det er fortsatt rom for forbetringar, og Politidirektoratet vil etter dialog med politidistrikta og særorgana fastsetje endeleg innretting på reduksjonen i disponeringsskrivet som blir send til politidistrikta og særorgana.

Politidirektoratet og Justis- og beredskapsdepartementet legg til grunn at Noreg ikkje vil få svekka grenseberedskap mot Schengens yttergrense i Aust-Finnmark som følgje av innsparinga.