Ove Trellevik (H): Korleis vil statsråden sikre at styringsretten og leiarskapet som gjer rett og plikt til å lede, fordele og kontrollere arbeidet i politiet blir gjennomført og ivaretatt på ein slik måte at både tilsette og publikum har den nødvendige tilliten til politiet?
Begrunnelse
I etterkant av det tragiske barnedødsfallet i Sund kommune, der den 8 år gamle jenta den 14. november 2011 vart funnen død av si mor, har det blitt reist ein massiv kritikk mot politiet.
Frå media kan vi lese at spesialeininga for politisaker har starta ei gransking av fleire forhold der politiet er anmeldt av mora. I tillegg har Riksadvokaten igangsett ein gjennomgang av etterforskinga i saka for å vurdere om det politifaglige arbeidet som er gjort har vore forsvarleg og tilstrekkelig.
Frå media kan vi også lese at det i etterkant også er fremja ei varslingssak mot leiinga i politiet, der det blir fremja missnøye med korleis ledelsen ivaretar sitt ansvar i politiet i Hordaland.