Hadia Tajik (A): Er spesialrådgjevar Marit Berger Røsland og spesialrådgjevar Kim Traavik med i beredskaps- og sikkerhetselementet på SMK, er rolla til statssekretær Laila Bokhari no delvis endra, jf. sitat frå Statsråd Vidar Helgesen om at Berger Røsland kjem til å følgje justissaker, kven andre utgjør dette beredskaps- og sikkerhetselementet og kva konkret jobbar elementet med?
Begrunnelse
Av VG 02.11.14 kan me lese at Statsministerens Kontor har tilsett ein spesialrådgjevar, Kim Traavik, med særskilt ansvar for samfunnstryggleik og beredskapssaker. Statsråd Vidar Helgesen er òg sitert på at statssekretær Marit Berger Røsland "vil følge utenriks- og sikkerhetspolitikken, samt saker på justisområdet". Eg viser difor til svar frå Statsministeren til skriftleg spørsmål Dokument nr. 15:130 (2013-2014), der statsministeren skriv at:
"Laila Bokhari er utnevnt som statssekretær ved SMK. I tillegg til de alminnelige oppgavene som tilligger statssekretærene ved kontoret, skal Bokhari ha særskilt oppmerksomhet på sikkerhets- og beredskapsarbeidet innenfor alle departementenes områder."
Viser òg til Statsministeren sitt svar på skriftleg spørsmål Dokument nr. 15:184 (2013-2014) der ho skriv at "Laila Bokhari inngår i beredskaps- og sikkerhetselementet ved SMK".
Statsministeren har vald å føre ein høg, offentleg profil på det såkalla beredskaps- og sikkerhetselementet på SMK, og allereie delvis gjort greie for dette i tidlegare skriftlege spørsmål. Det er difor naturleg at dette vert fylgt opp med naudsynte nye presiseringar frå Statsministeren.