Hadia Tajik (A): Ser statsråden grunn til å endre korleis opplysningar som Norsk Lysingsblad publiserer vert gjort offentleg tilgjengeleg, til dømes ved å krevje innlogging og/eller setje ei tidsgrense for kor lenge opplysingane er tilgjengeleg på nett?
Begrunnelse
Norsk Lysingsblad publiserer med heimel i lov ein rekkje opplysingar som ein kan oppfatte som sensitive eller personlege. Dette er opplysingar som tidlegare primært vart gjort kjent ved å vere skriftleg tilgjengeleg på eit kontor, samt ved å verte publisert som annonse i massemedia. I vår tid vert desse opplysingane offentleg tilgjengeleg på nett. Det vert ikkje krevd passord eller brukarnamn for å søke opp opplysingane, og det er ikkje grenser for kor lenge dei vert liggjande ute. Dette er ein praksis som har fått kritikk frå mellom anna Datatilsynet.