Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:175 (2014-2015)
Innlevert: 05.11.2014
Sendt: 06.11.2014
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 12.11.2014 av finansminister Siv Jensen

Gerd Eli Berge (Sp)

Spørsmål

Gerd Eli Berge (Sp): Kan statsråden gjera greie for kva for kontrollrutiner og tiltak som vert gjennomført frå Folkeregisteret si side for å handheva gjeldande regelverk om faktisk og reell buadresse, og kva vil statsråden gjera for å sikra at lov om folkeregistrering vert handheva på ein betre måte enn i dag?

Begrunnelse

NRK Buskerud har 04.11.14 ei sak om at mange ikkje melder ifrå til Folkeregisteret når dei flyttar. Dei held dermed fram med å betala skatt til den kommunen dei ikkje lenger reelt sett bur i. Dette får direkte økonomiske konsekvensar for dei kommunane det gjeld.
Som eit eksempel kan ein nemna at for ein kommune som Flå i Buskerud kan dette vera eit stort problem. Ein innbyggjar i Flå kommune gjev i gjennomsnitt 70 000 kroner i skatt og rammetilskot for kommunen. Tredve uregistrerte innbyggjarar vil gje det utslag at Flå kommune mottek vel 2 mill. kroner mindre i overføringar frå staten.
Beredskapsmessig utgjer det også ein trussel ved ei større hending der ein er avhengig av å vite kvar og kor mange som bur i kommunen.
Tidligare hadde Folkeregisteret kontor i kvar enkelt kommune, noko som gjorde at lokalkunnskapen var god, og at det var lettare å føreta kontroll med gjeldande regelverk.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Den generelle meldeplikta til Folkeregisteret følgjer av § 8 i folkeregisterlova som gjeld innflytting, flytting innanfor landet og flytting til utlandet. Skattekontora avgjer om ei flytting som er meldt til Folkeregisteret er registreringspliktig.
Hovudregelen i folkeregisterforskrifta § 5-1 byggjer på faktisk opphaldsstad, som vil seie den staden der vedkomande regelmessig tek døgnkvila si (nattesøvn eller tilsvarande kvile). Det er einskilde unntak frå hovudregelen, og dette inneber at personar kan vere bustadsregistrert ein annan stad enn der dei faktisk opphalde seg.
Skattedirektoratet har etablert eit landsdekkjande kontrollnettverk der skatteregionane er representerte. Hovudoppgåva til kontrollnettverket er å syte for ein kontrollfunksjon som er forankra i regionane. Nettverket skal initiere og prioritere kontrollområde ut frå eit bredt samfunnsperspektiv. Arbeidet i nettverket blir leia av ein representant frå skatteregionane med ei styringsgruppe leia av Skattedirektoratet. Nettverket har som hovudformål å etablere tiltak som kan avdekkje falske, fiktive og manglande flyttemeldingar. I den samanheng blir det laga ein årlig kontrollplan som kvar region er forplikta til å gjennomføre. Skattedirektoratet har gjennom dialogen med skattekontora etablert eit oppfølgings- og styringsverktøy for arbeidet. Av konkrete tiltak kan eg nemna identitetskontroll ved innflytting til Noreg, systematisk oppfølging av tipssaker frå offentleg og privat verksemd, tiltak mot økonomisk motivert fiktiv innvandring (medrekna fiktive arbeids- og leiekontraktar), og tiltak på grunnlag av returpost eller andre registeruttrekk som kan indikere manglande oppfylling av meldeplikta.