Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:186 (2014-2015)
Innlevert: 07.11.2014
Sendt: 10.11.2014
Besvart: 14.11.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Gerd Eli Berge (Sp)

Spørsmål

Gerd Eli Berge (Sp): Kan statsråden leggja fram oversikt over sysselsetting (i pst. av gruppe) for personar 25-62 år registrert med minst 30 timar arbeidstid per veke for i) reg. busette i Norge, ii) folkesetnaden eks. innvandrarar og norskfødde, iii) innvandrarar (SSB-def.), iv) innvandrarar frå Norden, v) innvandrarar frå Vest-Europa utanom Norden og Tyrkia, vi) innvandrarar frå EU-land i Aust-Europa, innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania, vii) innvandrarar frå Asia, viii) innvandrarar frå Afrika og viiii) innvandrarar frå Sør- og M.-Amerika?

Begrunnelse

Våre universelle velferdsytingar avheng av ein stor offentleg sektor med god skatteinngang. Sentralt er difor utviklinga i sysselsettinga for dei aldersgruppene som skal bidra gjennom generasjonskontraktstankegangen. Det er viktig å synleggjera sysselsettinga mellom ulike grupper korrigert for demografiske ulikskapar. I budsjettproposisjonen frå Arbeids- og Sosialdepartementet, Prop. 1 S (2014-2015), viser Figur 3.1 på side 25 sysselsette i pst. av folkesetnaden i alderen 15-74. Figuren er ikkje korrigert for arbeidstid. Få personar er sysselsette før fylte 18 år. Tilsvarande gjeld for personar eldre enn 70 år. For å klargjera konsekvensane av politiske vedtak, er det viktig å få fram eit best mogleg faktagrunnlag. Difor bør det vera i alle si interesse å synlggjera ev. skilnader i sysselsetting mellom innvandrarar og innbyggarar eksl. innvandrarar korrigert for aldersgrupper.