Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:204 (2014-2015)
Innlevert: 11.11.2014
Sendt: 12.11.2014
Besvart: 24.11.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva er årsaka til at det framleis ikkje har kome ei sak til Stortinget om finansiering av Førdepakken?

Begrunnelse

"Førdepakken" er eit spleiselag for å få på plass betre infrastruktur rundt Førde i Sogn og Fjordane. Den nødvendige opprustinga av vegnettet skal mellom anna finansierast med bruk av bompengar, noko som har vore vedteke av eit breidt fleirtal både i dei aktuelle kommunestyrene og i fylkestinget.
Bompengesøknaden ligg til handsaming i departementet, og det har frå fleire hald blitt etterlyst svar på denne. Eg viser mellom anna til brev til departementet frå styreleiar i Førdepakken A/S, Oddvar Flæte.
Lokalt har fleire byrja å stille spørsmål ved om forseinkinga skuldast Sogn og Fjordane Frp sin motstand mot bompengesøknaden. I Firda 8. november refererer Førde-ordførar Olve Grotle (H) til kontakt med departementet, og forsikrar om at det ikkje er politiske, men praktiske grunnar til at søknaden har stoppe opp.
På sin eigen blogg 11. november skriv derimot fylkesleiar Frank Willy Djuvik at

"Sogn og Fjordane FrP [...] kjem til å nytte alle våre moglegheiter til å hindre at innbyggjarane i Førde og nabokommunane vert pålagt 7.200-18.000 kroner i auka årleg utgifter".

Eit breidt politisk fleirtal i Sogn og Fjordane, og truleg også på Stortinget, ønskjer fortgang i arbeidet med Førdepakken, som er av avgjerande viktigheit for innbyggjarar og næringsliv i Indre Sunndfjord.
Eg ber statsråden stadfeste at det ikkje er politiske årsaker til at svaret på bompengesøknaden let vente på seg.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Før det vil være mulig å legge frem en sak til Stortinget om en Førdepakke, skal det gjennomføres en ekstern kvalitetssikring KS2 av rammene for den foreslåtte pakken. Dette er standard rutine for slike saker, og arbeidet pågår nå. Hensikten med KS2 er å øke tryggheten for at pakken er realistisk gjennomførbar innenfor de økonomiske rammene som skisseres.
Forberedende møte for en KS2 ble gjennomført 7. mai 2014. På møtet stilte Samferdselsdepartementet, Finansdepartementet, Statens vegvesen og valgt konsulent for kvalitetssikringsoppdraget. Hovedtrekk ved en eventuell Førdepakke og rammer for kvalitetssikringen ble på møtet gjennomgått og drøftet. Dette er i samsvar med etablert praksis i startfasen av KS2-oppdrag i samferdselssektoren.
Møtet konkluderte med å sette kvalitetssikringen midlertidig på vent, i påvente av avklaringer om hvilke dokumenter som skal være grunnlag for KS2 av denne typen saker. La meg understreke at denne uenigheten ikke var av politisk karakter eller med politisk innhold. Tilsvarende utfordring forelå på det tidspunktet også for KS2 av en eventuell Bypakke Grenland.
KS2 for Førdepakken ble igangsatt på nytt i september 2014, etter at de nødvendige avklaringene var på plass. Når KS2 er gjennomført, kan Førdepakken sluttbehandles i departementet og regjeringen før den deretter kan forelegges Stortinget. Min intensjon er at regjeringens behandling skal gå raskt når KS2 arbeidet er ferdig.