Fredric Holen Bjørdal (A): Vil statsråden sjå på ordninga i Odda med tanke på å gjere ho til nasjonal ordning slik at alle ungdomsskulelevar får same språkopplæring, uansett hovudmål?
Begrunnelse
I ein rapport som Utdanningsdirektoratet sjølve har tinga frå analyseselskapet Proba kjem det fram at ungdomsskuleelevar i område med både nynorskelevar og bokmålselevar ofte ikkje får den norskopplæringa dei har krav på.
Fordi undervisningsspråket i ungdomsskulen er opp til lærarane sjølve og elevar med ulikt hovudmål vert blanda i same klasse får mange nynorskelevar stort sett opplæring på bokmål. Utan slik opplæring i hovudmålet i alle fag misser elevane på åttande steget 12 timar rein hovudmålsopplæring pr. veke i dei teoretiske faga matematikk, naturfag, RLE og samfunnsfag. På niande steget misser dei 11 timar – i veka og i avgangsåret misser elevane 12 timar hovudmålsopplæring i veka.
Odda har i 101 år løyst dette problemet gjennom å dele elevane i ungdomsskulen i eigne bokmålsklassar og nynorskklassar, for å sikre at dei får opplæring på hovudmålet sitt gjennom heile ungdomsskulen for å gjera dei til trygge og gode språkbrukarar.
No føreslår rådmannen i Odda kommune å legge ned språkdelinga ved Odda ungdomsskule. I dag sikrar språkdelinga at både nynorskeelevar og bokmålselevar får undervisning på sitt hovudmål gjennom heile ungdomsskulen, i alle fag. Slik regelverket er i ungdomsskulen i dag er det læraren som avgjer undervisningsspråket, ikkje elevane sitt hovudmål.
I dag er Odda kommune den einaste kommunen som friviljug legg til rette for at elevane skal få opplæring på hovudmålet gjennom heile ungdomsskulen. Dette kostar, og rådmannen meiner prisen for god norskopplæring for alle er blitt for høg for Odda.
Ordninga på Odda ungdomsskule sikrar elevane, uansett hovudmål, god språkopplæring som gjer dei trygge i hovudmålet.
Slik vert både fagterminologi og språklege vendingar på hovudmålet lært i alle fag.