Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:228 (2014-2015)
Innlevert: 17.11.2014
Sendt: 17.11.2014
Besvart: 21.11.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Meinar statsråden at kommunane i dag er godt nok involverte ved oppretting av asylmottak, og har kommunane god nok tid til å forberede mottaket med å få på plass kvalifisert personell innan dagens fristar ?

Begrunnelse

Det har vore mange medieoppslag vedrørande kommunar som får asylmottak og som føler seg overkøyrde pga veldig sein involvering. I mitt fylke Sogn og Fjordane ser vi at kommunar som ønskjer å fortsetje med asylmottak, og som har brukt tid og midlar på å bygge opp gode tilbod, vert vraka som mottakskommune, medan nye kommunar som ikkje ser seg i stand til å ta imot asylmottak vert pålagde dette.Det er vanskeleg å sjå at det er andre kriteriar enn pris som er avgjerande, og fråflyttingskommunar i distriktet er dei kommuane som vert valde for nye asylmottak pga låge husleigekostnadar.
Mange av desse kommuane slit i tillegg med å få kvalifisert personale til dagens innbyggar, og eg kan ikkje sjå kva andre kriteriar enn pris som vert vektlagt. Kommunane får heller ikkje tid til å få plass nok og kvalifisert personale innan lege og helsetenester, skule og barnehage. Eit eks frå Høyanger kommune. 9 juli 2014 fekk kommunen eit forhåndsvarsel om at nokon syslar med tankar om å oprette eit mottak i Høyanger. 1 september får ordførar i Høyanger melding frå UDI region vest om at det vert mottak med oppstart 15 november. Innbyggartalet i kommunen er ca. 4 200, og mottaket er dimensjonert til 150 med opsjon på 60 til (kan bli 210). Kommunen er i motvind, dette er midt i eit budsjettår og kommunen er registrert på Robeklista. Kommunen ser seg ikkje i stand til å yta godt nok tilbod innan denne tidsfristen, og ville også ha vurdert kommunalt mottak. Jølster kommune er hamna i ein situasjon der dei kan få asylmottak nr. to. Denne kommunen er også ein liten distriktskommune, og seier det er svært krevjande å få til eit tilfredsstillande tilbod. For at både innbyggarane i kommunen og dei nye innbyggarane, asylantane, skal få eit kvalitativt godt tilbod bør det vera god kommunikasjon i god tid før eit eventuelt vedtak. Bebuarane må ofte vente i 1,5 år før asylintervju, og ventetida vil også ofte vera lang etter at dei har fått opphaldsløyve.
Ein må spørje seg kva konsekvensar eit redusert tilbod vil få for både bebuarar og lokalsamfunna mottaka er plassert i. Tidleg involvering og positiv innstilling frå kommunane er etter mitt syn det viktigaste kriteriet for god forebygging og integrering. Det som avgjer prisen på tilboda er i realiteten utgifter til husleige og løn. Kvalitetsindikatorane er ukjente og det einaste målbare vert prisdelen.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: God og rask kommunikasjon med vertskommunar og lokalsamfunn er viktig for god mottaksdrift. Eg er samd med representanten i at tidleg involvering og positiv innstilling frå kommunane er viktig, og er svært oppteken av at dette skal skje. Departementet har bede UDI sørgje for at det er gode rutinar for informering og involvering av kommunane ved oppretting av mottak.
Eg vil også vise til at levande lokaldemokrati er eit av åtte satsingsområde for regjeringa. På utlendingsfeltet er gode rutiner for samarbeid med kommunane ved etablering av asylmottak sentralt. Eg vil arbeide for at UDI har gode rutinar slik at kommunane får så god og tidleg informasjon som muleg, så dei kan førebu seg på dei oppgåvene som følgjer med eit asylmottak i kommunen.