Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:258 (2014-2015)
Innlevert: 24.11.2014
Sendt: 24.11.2014
Besvart: 26.11.2014 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden leggja fram oversikt over sysselsetting (i pst. av gruppe) for personar i alderen 15-74 år registrert med minst 30 timar arbeidstid per veke for i) reg. busette i Norge, ii) folkesetnaden eks. innvandrarar og norskfødde, iii) innvandrarar frå Norden, iv) innvandrarar frå Vest-Europa utanom Norden og Tyrkia, v) innvandrarar frå EU-land i Aust-Europa, vii) innvandrarar frå Nord-Amerika og Oseania, viii) innvandrarar frå Asia, ix) innvandrarar frå Afrika og x) innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika?

Begrunnelse

Det blir bede om at statsråden i svaret synleggjer sysselsettingstala på eittårige aldersgrupper, jf. Dokument nr. 15:207 (2014-2015). Vidare er det ønskjeleg å få sysselsettinga for gruppene nemnde i spørsmålet både for deltids- og fulltidsarbeidande. Tilsvarande for både kvinner og menn. Det er ønskjeleg at dette blir synleggjort i ulike figurar. Det er ønskjeleg at statsråden også legg ved talgrunnlaget for figurane. Med innvandrar er meint definisjonen som Statistisk Sentralbyrå brukar, dvs. at innvandrarar er definert å vera personar som sjølv har innvandra til Noreg eller er born av to utanlandsfødde foreldre. Det er også ønskjeleg at statsråden i svaret klargjer definisjonen av "befolkninga elles", jf. Dokument nr. 15:207 (2014-2015).

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson:

Lenke til svaret med tabell i pdf-format[Svaret finnes kun som pdf-fil]