Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Dokument nr. 15:281 (2014-2015)

Innlevert: 28.11.2014
Sendt: 28.11.2014
Besvart: 05.12.2014 av ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU Vidar Helgesen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden leggje fram eit detaljert oversyn over samtlege prosjekt som har motteke støtte gjennom EØS-midlane for inneverande periode med utbetalingar til EØS-midlar (2009-2014) ved å vise kvart enkelt prosjekt som er løyvd pengar, kvifor prosjektet er kvalifisert til støtte, samt kor stor støtte kvart prosjekt har motteke?

Begrunnelse

Noreg er i desse dagar i førhandlingar med EU om ei vidareføring av norske utbetalingar av EØS-midlar. Noregs utbetalingar til EØS-midlar har vore sterkt aukande dei siste periodane. Senterpartiet har prøvd å få svar frå UD på spørsmål om korleis midlane som vert løyvde er fordelte mellom mottakarlanda , men er i direkte kontakt med UD nekta slikt innsyn. Det vil vera grunnleggjande udemokratisk om norske folkevalde ikkje vert gitt innsyn i korleis milliardar av norske skattebetalarar sine pengar vert nytta.

Vidar Helgesen (H)

Svar

Vidar Helgesen: EØS-midlane vert styrt etter ein programmodell i tråd med avtalane med EU som blei inngått i 2010. Dermed er eit større ansvar for gjennomføringa lagt til mottakarlanda og det nasjonale kontaktpunktet i kvart land. Givarlanda godkjenner programma, medan operatørane for kvart program (i hovudsak frå mottakarlanda) er ansvarlege for å velje prosjekt som skal få støtte i tråd med regelverk og målsettingar innanfor det enkelte program. Dette bidreg også til å styrke forvaltningskompetansen i mottakarlanda. Gjennom sekretariatet for EØS-midlane i Brussel gjennomfører vi revisjonar og evalueringar og overvaker at regelverk og målsettingar for programma blir etterfølgt. Vedlagd sendast oversikt over prosjekt som per i dag er registrert i prosjektdatabasen for EØS-midlane for 2009 – 2014. Prosjektdatabasen (http://eeagrants.org/project-portal/2009-2014) gjev informasjon om kor mykje kvart prosjekt får i støtte i tillegg til bakgrunn og føremål med prosjekta. Per i dag er om lag 2 000 prosjekt registrert i databasen. Talet er venta å auke fram mot slutten av programperioden i 2016/2017.
I det skriftlege spørsmålet viser Senterpartiet til at dei har freista å få svar frå Departementet på spørsmål om korleis dei tildelte midlane er fordelt mellom mottakarlanda, og det vert vist til at ein i direkte kontakt med UD er nekta slikt innsyn. Departementet går ut frå at dette gjeld spørsmålet frå Utanriks- og forsvarspolitisk rådgjevar for Senterpartiet si stortingsgruppe, Per Martin Sandtrøen, av 7. november 2014. Dette spørsmålet vart svart på av statssekretær i Utanriksdepartementet, Ingvild Næss Stub, 11. november 2014.

Vedlegg til svar: