Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa signalisere til Sør-Afrika at dei kan rekne med økonomisk og politisk støtte frå Noreg i arbeidet med å arrangere neste konferanse innan det humanitære initiativet om kjernefysiske våpen?
Begrunnelse
Konferansen om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen vart avslutta tysdag 9. desember i Wien. Konferansen vart svært vellukka, og var den tredje i rekka etter at Noreg arrangerte den første konferansen i Oslo i mars 2013.
I tillegg til Austerrike heldt 43 statar sterke innlegg om behovet for eit internasjonalt forbod mot kjernefysiske våpen, inkludert Mexico og Sør-Afrika. Mexico sa at det no er tid for å starte ein diplomatisk prosess, og Sør-Afrika indikerte i sitt innlegg at dei vurderer å invitere til neste konferanse. Etter Venstre syn er dette svært gledeleg, og det ville vore eit viktig signal om frå Noreg si side dersom regjeringa ville varsle at vi vil støtte opp om initiativet til Sør-Afrika, både politisk og eventuelt økonomisk. Utanriksministeren har tidlegare vore tydeleg i Stortinget på at Noreg støttar det humanitære initiativet, og det er å håpe at desse orda vert fylgt av handling.