Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:357 (2014-2015)
Innlevert: 12.12.2014
Sendt: 15.12.2014
Besvart: 18.12.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden gjere greie for kva prinsipp og rammer som Beslutningsforum styrer etter, og vil statsråden vurdere om fire helseføretaksdirektørar er eit breitt nok forum for å gjere prioriteringar for pasientar sin tilgang til nye behandlingar, og vil statsråden gjere tiltak for å møte kritikken mot beslutningsforumet om manglande openheit om beslutningsprosessar og manglande involvering av brukarar og sikre forumet eit etisk rammeverk der openheit, relevante grunngjevnader og klageadgang blir ivaretatt?

Begrunnelse

Fleire saker om manglande tilgang til nye, dyre kreftmedisinar har sett søkelys på Beslutningsforum for nye metodar. Også Prioriteringsutvalget har påpeikt manglar ved forumet. Underteikna er oppteken av at prioriteringar som skjer i helsevesenet, må forankrast og at avgjerder som vert tatt skjer etter ein open prosess. Beslutningsforum har gjort vedtak om å ikkje gjere Kadcyla tilgjengeleg for norske pasientar gjennom det offentlege systemet. Årsaka skal vere at medisinen er for dyr. Kadcyla er ikkje kurativ behandling, men livsforlengande. Det har vore ein diskusjon om det skal innførast ei talgrense for livslengande behandling, noko som ein politisk ikkje har hatt nokon samsemje om. Då er spørsmålet om det likevel fins ei slik grense, utan at det blir openheit om det.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: System for innføring av nye metodar blei innført i 2013 med formål om å auke kvalitet og pasientsikkerheit ved å bidra til at pasientane så raskt som råd får likeverdig tilgang til nye, verksame metodar. Systemet skal bidra til meir gjennomsiktige og einskapelege beslutningsprosessar i alle helseregionane, samt å sikre at innføring av nye metodar i spesialisthelsetenesta er baserte på eit fagleg og kunnskapsbasert beslutningsgrunnlag. Vidare skal systemet bidra til koordinering av innføring av nye metodar med faglege retningslinjer som blir utarbeidd av Helsedirektoratet.
Helse- og omsorgsdepartementet har i tilleggsdokumentet til oppdragsdokument av 28. juni 2013 gitt oppdrag til dei regionale helseføretaka om å konkretisere innhaldet i beslutningsprosessen i tråd med føresetnaden om eit gjennomsiktig system. Innhaldet i beslutningsprosessen og kriteria for beslutningar vart behandla i likelydande styresaker i alle regionale helseføretak. Styra i dei regionale helseføretaka har gitt dei administrerande direktørane fullmakt til å ta beslutningar om å innføre eller ikkje innføre nye metodar.
Av styresaka går det fram at beslutningane i Beslutningsforum skal være samordna slik at metodar kan innførast i heile landet og vere tilgjengeleg for heile befolkninga. Slik var det ikkje før det nasjonale systemet vart innført. Beslutningane skal basere seg på eit fagleg, kunnskapsbasert beslutningsgrunnlag, gjennom såkalla metodevurderingar, utarbeidd av Statens Legemiddelverk for legemiddel og Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten for andre metodar.
Beslutningane baserer seg på dei prioriteringskriteria som gjeld no i helsetenesta og som vert praktiserte i sjukehusa i dag, jf. § 2-1b i lova om pasient- og brukarrettar og § 2 i prioriteringsforskrifta. Dei tre prioriteringskriteria i dag er; kor alvorleg tilstanden er, nytta av tiltaket for pasienten, og kravet om at nytta står i eit rimeleg forhold til kostnadene for behandlinga.
Med bakgrunn i dette har dei regionale helseføretaka utarbeidd eit sett med beslutningskriterie som er offentlig tilgjengelege og som ein kan lese i den aktuelle styresaka og på Helsedirektoratet sine nettsider (fotnote).
Eg viser også til at Beslutningsforum for nye metodar allereie har følgt opp Prioriteringsutvalet sitt innspel om brukarmedverknad ved å inkludere ein representant frå dei regionale brukarutvala som observatør med talerett i Beslutningsforumet sine møter.
Det er lagt opp til at systemet for innføring av nye metodar skal ha mest mulig opne beslutningsprosessar. Samtidig må vi sikre at pasientane får rask tilgang til nye og effektive legemiddel, og at fellesskapet sine ressursar blir rettferdig fordelte slik at alle får.
Derfor har dei regionale helseføretaka lagt til rette for ein prosess der dei kan forhandle om pris med legemiddelleverandørane, noko som kan innebere at dei inngår ikkje-offentlege rabattar med leverandørar. Vi veit at mange land inngår avtalar om skjulte rabattar, og dei betalar langt mindre en den offisielle prisen. Legemiddelleverandørane krev ofte at slike rabattar er strengt hemmelege. Konsekvensen av dette er at Beslutningsforum er nøydde til å ha lukka møter for å sikre pasientar tilgang til medisinen til ein pris som står i rimeleg forhold til kostnadene for behandlinga. Dette har vore tilfellet i dei fleste saker som Beslutningsforum har behandla sidan sitt første møte i mai 2014.
Utover dette er metodevurderingar, møteinnkallingar og protokoll frå Beslutningsforum for nye metodar offentlig tilgjengelege på Helsedirektoratet sine heimesider. Prosessar og korleis systemet er sett opp er også offentleg tilgjengeleg og publisert på Helsedirektoratet sine nettsider.
Brystkreftlegemiddelet Kadcyla har vore behandla i Beslutningsforumet sitt møte 20. oktober 2014. De regionale helseføretaka har beslutta å ikkje ta i bruk legemiddelet systematisk på norske sjukehus. Beslutninga baserer seg på dei gjeldande prioriteringskriteria. Eg er ikkje kjend med prisrabatten som legemiddelleverandøren tilbaud på grunn av at dette er halde hemmeleg.
I NOU 2014: 12 Åpent og rettferdig - prioriteringer i helsetjenesten er bruk av grenseverdiar drøfta for å beskrive forholdet mellom kostnad og effekt. Prioriteringsutvalet har kome med ei rekkje tilrådingar som vi må diskutere grundig og ope. Eg vil verken avvise og eller løfte fram enkeltforslag no. Eg ønskjer ein brei debatt om prioritering i helsehelsetenesta. Prioriteringsdebatten er svært viktig, men også utfordrande. Eg er glad for at diskusjonen har engasjert mange. Rapporten er sendt på høyring og blir følgt opp med ei eiga stortingsmelding om prioriteringar i helsesektoren.
Eg har tru på at dei regionale helseføretaka og dei andre aktørane i systemet vil vidareutvikle systemet i tråd med dei overordna føringane og likeverdig tilgang og transparens, samt i tråd med sitt ”sørge-for” ansvar for pasientane i helseregionen.

Fotnote:

http://helsedirektoratet.no/helse-og-omsorgstjenester/system-for-innforing-av-nye-metoder/beslutningsprosessen/Sider/default.aspx