Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:403 (2014-2015)
Innlevert: 18.12.2014
Sendt: 19.12.2014
Besvart: 05.01.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I utgreiinga av sjømatindustriens rammevilkår NOU 2014: 16 er ikkje det samiske aspektet trekt inn i biletet. Det er mange særskilte omsyn i form av lover, forskrifter og opparbeida rettar som difor ikkje vert belyst i utgreiinga.
Er ministeren samd i at det bør komma ei tilleggsutgreiing om det sjøsamiske, slik at Stortinget får eit betre grunnlag for ei heilskapleg handsaming av NOUen, og vil ministeren ta initiativ til dette?

Begrunnelse

Tveterås-utvalget har denne veka levert si innstilling i NOU 2014:16 Utredning om sjømatindustriens rammevilkår. Utvalet har sett på heile verdikjeda for sjømat og har levert ein omfattande rapport. Det er og levert fleire delrapporter knytt til utvalet sitt arbeid. Det samiske aspektet er imidlertid ikkje berørd. Det er mange særrettar, lover og forskrifter som er knytt til det sjøsamiske. Stortinget må hensynta også dette aspektet i den heilskaplege handsaminga av NOUen. Det bør difor lagast ei tilleggsutgreiing som ivaretek det samiske aspektet.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: NOU-utvalet vart sett ned av Stoltenberg II-regjeringa 22. mars 2013. I mandatet til utvalet var det ikkje krav om konkret å trekkje det samiske aspektet inn, men utvalet vart gitt i oppgåve å gjere ei vurdering av regionale verknader. Solberg-regjeringa har vidareført NOU-utvalet med uendra mandat.
Utvalet leverte rapporten sin den 16. desember 2014. I rapporten har utvalet skissert nokre regionale verknader i kap. 17 om økonomiske og administrative konsekvensar, samt under omtale av tiltak som særskilt vil påverke regionar og lokalsamfunn. Dei har ikkje særskilte utgreiingar om det sjøsamiske, men dette var heller ikkje i deira mandat.
Eg vil understreke at rapporten og saksområdet vil bli underlagt ei heilskapleg vurdering i form av ei melding til Stortinget. I dette arbeidet vil vi òg sjå på det sjøsamiske aspektet der dette er relevant. Vi vil konsultere Sametinget om relevante tema på ordinær måte.