Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:416 (2014-2015)
Innlevert: 22.12.2014
Sendt: 22.12.2014
Besvart: 02.01.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Ser statsråden behovet for meir fleksibilitet i dagpengeregelverket for mottakarar som gjer frivillig arbeid som strekker seg over lengre tidsrom?

Begrunnelse

Ifølgje folketrygdlova må alle som skal ha rett til dagpengar være «villige til å ta eitkvart arbeid kvar som helst i Noreg, uavhengig av om det er på heiltid eller deltid». Dette kan tolkast som om dagpengane kan verte avkorta når tida brukast til andre aktiviteter, som til døme å være frivillig i ein organisasjon.
I Navs rundskriv § 4.6, pkt. 2.5 om Frivillighetsarbeid kjem det tydeleg fram at ein kan delta i frivillig arbeid, også i periodar når ein er arbeidssøkande. Likevel stadfestar Røde Kors at det finst mange døme på at frivillige har måtte trekke seg frå sitt frivillige virke mens dei er arbeidssøkande. Til døme fekk Ann-Magreth Bjerkan, ein frivillig Røde Korsar, problem i sommar. Ho hadde delteke på Ferie for alle ei veke og fekk beskjed av sin sakshandsamar hos NAV i Sunndal at ho måtte føre den frivillige innsatsen opp som arbeid på meldekortet, og dermed ville bli trekt for ei veke i trygda. Etter mykje fram og tilbake gjekk NAV attende på det, og Ann-Magreth fekk ikkje trekk i stønaden sin likevel. Men ho måtte trekkje seg frå sitt verv i hjelpekorpset for ein periode, fordi ein leiteaksjon gjerne strekk seg over meir enn 30 timar, når ein også reiknar med reisetid. Det å stå i beredskap kom i konflikt med krav til å ikkje overstige fire virkedagar med frivillig arbeid. I Navs rundskriv § 4.6, pkt. 2.5 om Frivillighetsarbeid står det at «arbeidstiden må begrenses til maksimalt fire dagsverk per uke for den enkelte arbeidssøker, slik at vedkommende også kan være aktiv i søking etter arbeid». Røde Kors mista altså ein stødig beredskapsfrivillig i sommar, på grunn av regelverket.
Røde Kors og andre organisasjonar er omfattande arenaer for frivillig arbeid, og utfyller ei viktig rolle når det gjeld både aktivisering og kompetanseheving for menneske i ulike livsfasar. Frivillig arbeid kan for desse vere ein motivasjonsfaktor i periodar utan ordinært arbeid, for andre til og med ein veg attende til arbeidslivet. Røde Kors har ei rekke tiltak som direkte går på kvalifisering til arbeidsliv.
Når enkeltfrivillige vert straffa økonomisk dersom dei bidrar frivillig medan dei ventar på å komme inn i ordinært arbeid, er dette et teikn på at det må ryddast opp i regelverket.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Eg vil først få understreke at spørsmålstillaren tek opp ei viktig problemstilling. I dag er det eit grunnleggjande vilkår for retten til dagpengar, at mottakaren er å rekne som ein reell arbeidssøkjar. I dette vilkåret ligg det ein føresetnad om å vere fullt ut disponibel for eitkvart arbeid, når som helst og kor som helst i landet. Dette er bakgrunnen for at både løna og uløna arbeid vanlegvis skal føre til trekk i dagpengane, og at ein derfor må melde frå om dette på meldekortet til Arbeids- og velferdsetaten.
Nettopp fordi det er meiningsfullt og nyttig både for den einskilde og for organisasjonane, gjev regelverket i dag opning for å arbeide uløna i inntil fire dagar i veka, utan at det fører til at dagpengane fell bort. Vilkåret er at arbeidet ikkje vanlegvis er løna.
Eg har ikkje høve til gå inn på konkrete saksforhold, og kan difor ikkje gje kommentarar til den saka som er bakgrunnen for spørsmålet her. I einskilde tilfelle kan det kanskje verke urimeleg at ein mister dagpengane når ein gjer ein viktig og nyttig samfunnsinnsats. På den andre sida må ein huske at ein som dagpengemottakar først og fremst skal vere arbeidssøkjar, og ikkje vere bunden til aktivitetar som gjer at ein ikkje får søkt arbeid og heller ikkje er
disponibel for anna arbeid slik ein skal vere. Etter mi oppfatning er det difor rimeleg at det er ei grense når det gjeld høvet til å gjere frivillig arbeid utan at det får noko å seie for dagpengeutbetalingane. Eg vil i løpet av 2015 ha ein gjennomgang av dagpengeordninga, der eg også vil sjå nærare på om reglane og grensa i dag er optimal for dei som deltek i frivillig arbeid og er arbeidssøkjarar.