Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:422 (2014-2015)
Innlevert: 22.12.2014
Sendt: 22.12.2014
Besvart: 07.01.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til utviklingsplanen for kapasiteten i kriminalomsorga, som vart lagt fram av regjeringa 19.desember.
Kvifor er ikkje nytt Ålesund fengsel nemnt eller prioritert i planen?

Begrunnelse

Ålesund er eit naturleg val for eit nytt og moderne fengselsbygg på Nordvestlandet. Behovet for auka kapasitet her, er skissert i mellom anna rapport frå kriminalomsorga si sentrale forvalting i januar 2013.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: I meldinga er det lagt opp til å prioritere tiltak i dei delane av landet der behovet er størst. I tillegg er det lagt vekt på å prioritere tiltak som kan realiserast raskt fordi utgreiinga har kome langt eller tiltaka er under beløpsgrensa for store statlege investeringar (konseptvalutgreiing (KVU) med kvalitetssikring (KS1))og kan realiserast i tilknyting til noverande fengslar. Det fyrste gjeld Agderfylka og det andre utbygging av fengsla Halden, Skien, Åna og Bergen. Når det gjeld Ålesund og andre forslag viser eg til side 52 i meldinga:

"Prioriteringene på lengre sikt og øvrige tiltak som ikke er prioritert vil bli vurdert i pågående KVU for Østlandet og utredninger for resten av landet. Straks KVU for Østlandet er avsluttet tidlig i 2015, kan KDI få i oppdrag å gjennomføre utredninger og planleggingsprosesser for resten av landet. Disse vil gi grunnlag for videre prioriterte tiltak i disse delene av landet."