Liv Signe Navarsete (Sp): Det blir hevda at norske sjukehustenester ikkje blir opna for konkurranseutsetting gjennom TISA-forhandlingane.
Er årsaka til den ulike informasjonen om dette at Noreg sine ”inital offers” er blitt endra det siste året under forhandlingane, eller er det feil at sjukehustenester ikkje blir påverka av ei eventuell TISA-avtale?
Begrunnelse
Regjeringa er no på andre året i forhandlingar om TISA-avtala, ei internasjonal avtale for handel med tenester. TISA-avtala har som føremål å standardisere nasjonale reglar for ei stor del av den nasjonale tenestesektoren. Ei lang rekke organisasjonar åtvarar mot at TISA-avtala vil leggja eit press på nasjonalstatane om privatisering, også av offentlege tenester. Mellom anna har Public Services International og International Trade Union Confederation, som representerer mange titals millionar arbeidstakarar verda over, uttrykt sterk uro over effekten TISA-avtalen kan få for det vi kallar offentlege tenester. Her i landet er Fagforbundet mellom dei som åtvarar sterkt mot konsekvensane av TISA-avtala.
Det siste året har det dukka opp fleire kritiske, og urovekkande spørsmål til TISA-avtalen. Så langt har det som har kome frå Regjeringa berre gitt uttrykk for at Norge kun vil få store fordelar av avtalen, og at motytingane Norge må tilby er bagatellar. I tråd med dette skreiv statssekretær Morten Høglund i ein kronikk i Klassekampen 12. november, at regjeringa i TISA-forhandlingene «ikke har forpliktet oss til å opne markedene for sykehustjenester, offentlige utdanningstjenester, eller sosiale velferdstjenester». I Norge sine “inital offers” står det likevel at det er inga avgrensing for utanlandsk bedriftsetablering (commercial presence) i Norge for “Deliveries and related services, nursing services, physiotherapeutic and para-medical services (CPC 93191)” (med unntak av kvalifikasjonskrav til arbeidarane). Etter som deliveries and related services må tolkast som fødestover og liknande, tyder dette på at sjukehustjenester vil bli opna for privatisering som følgje av TISA-avtala. Fødestover er trass alt vanlege å finne i norske sjukehus.