Skriftlig spørsmål fra Ingunn Gjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:440 (2014-2015)
Innlevert: 12.01.2015
Sendt: 12.01.2015
Rette vedkommende: Kulturministeren
Besvart: 16.01.2015 av kulturminister Thorhild Widvey

Ingunn Gjerstad (SV)

Spørsmål

Ingunn Gjerstad (SV): I debatten om sundagsopne butikkar er mange opptekne av at dette kan få konsekvensar på mange område i samfunnet, også for miljøet.
Er dette noko statsråden er oppteken av, og på kva måte vil statsråden og regjeringa kartlegge og utreie desse konsekvensane i prosessen med å opne for sundagsopne butikkar?

Begrunnelse

Mellom anna har fagforbundet Handel og Kontor og Framtiden i våre hender uttrykt uro over dei miljømessige konsekvensane av auka transport av handlande og arbeidarar, auka energibruk i butikkar og auka varetransport i tillegg til at folk får mindre tid for bruk i naturen med fare for å påverke respekten for natur og miljø.

Thorhild Widvey (H)

Svar

Thorhild Widvey: Eg hadde 27. juni 2014 eit møte med det såkalla Handelens samarbeidsutvalg (HSU). Utvalet er etablert av Handel og Kontor, Virke og Coop. I møtet presenterte HSU ein rapport om miljøkonsekvensar av søndagsopne butikkar.

Føremålet med regelverket som i dag påbyr at butikkar som hovudregel skal vere stengte på søndagar, er å ivareta omsynet til helgedagsfreden. Det er mange unntak frå hovudregelen som gjer at mellom anna mindre daglegvarebutikkar, hagesenter og butikkar på typiske turiststader kan ha søndagsopent. Desse unntaka gjer at mange butikkar alt i dag har søndagsopent, og det er slik sett ikkje tale om å opne opp for noko heilt nytt. Føremålet med alle unntaka er å ivareta omsynet til forbrukarane som treng varar på søndagar.

Det gjeldande regelverket har, etter mitt syn, uheldige sider, som mellom anna fører til ulike konkurransevilkår for dei næringsdrivande. Utgangspunktet mitt er at lovverket ikkje er godt egna til å regulere opningstidene for butikkar.

Regjeringa har varsla at det vil bli sendt på høring eit forslag om å bygge ned lovreguleringa slik at det blir høve til å ha butikkopent på vanlege søndagar. Det vil då bli opp til tilbod og etterspørsel å styre kva for butikkar som vil ha opent på desse søndagane. Samstundes vil det ikkje bli foreslått eit fullt frislepp på alle helge- og høgtidsdagar. Særskilte helgedagar utanom vanlege søndagar og høgtidsdagane 1. og 17. mai vil bli foreslått fortsatt skjerma.

Eg legg vekt på at høyringsrunden vil bidra til å opplyse saka ut i frå ulike omsyn. Dette omfattar også miljøperspektivet. Korleis dei ulike omsyna i saka skal vektast, vil bli vurdert på bakgrunn av høyringsfråsegnene som kjem inn.