Sveinung Rotevatn (V): Ser statsråden viktigheita av at Forsvaret har anlegg som sikrar tilstadevere og øvingsaktivitet i regionen mellom Romsdal og Bergen, og viktigheita av å sjå dette i samanheng med pågåande utgreiing frå Forsvarssjefen om vidare utvikling av Forsvaret?
Begrunnelse
Heimevernstaben har nyleg foreslått å avhende og utrangere samtlige gjenverande forsvarsanlegg i Sogn og Fjordane (Firda Kaserne i Eid kommune, Remmedalen Skytefelt i Eid og Vasslia skytefelt i Førde).
Etter nedlegginga av HV10 er Firda Kaserne det siste "fysiske fotavtrykket" av Forsvaret i Sogn og Fjordane - etter nær 400 år samanhengande militær øvingsaktivitet i fylket. Firda Kaserne er fast treningsstad for fleire HV-område med godt eigna fasilitetar for Forsvaret sitt behov. Bruken av anlegget er for tida aukande ut frå HV sin aukande treningsaktivet av sine mannskap.
HV11 seier sjølv at anlegget er sterkt ønskjeleg å disponere, og at ei avhending av Firda Kaserne vil svekke både muligheten til å rekruttere og øve HV-styrkar i det som tradisjonelt har vore eit kjerneområde for rekruttering av HV-soldatar. Firda Kaserne er det einaste militære bygget Forsvaret disponerer mellom Bergen og Åndalsnes. Dei to aktuelle skytefelta er tilsvarande dei einaste skytefelta Forsvaret disponerer mellom Bergen og Stjørdal.
Det framstår som underleg at eit så omfattande utsal skjer samstundes som Forsvarsministeren har gitt Forsvarssjefen i oppdrag å gjere ei samla vurdering av den vidare utviklinga av Forsvaret.
Eg vil mellom anna peike på at eitt av punkta Forsvarssjefen er bedt å vurdere, jmf. pkt. 3.7 i Forsvarsministeren sitt brev til Forsvarssjefen av 01.10.14, er å legge til rette for effektive bidrag til den heilskaplege samfunnstryggleiken, og at støtten til det sivile samfunnet skal takast med i vurderinga av innretning og dimensjonering av einskildkapasitetar. Forsvarsministeren har i det nye oppdraget til Forsvarssjefen forsterka dette poenget ytterlegare, ved å be om ei vurdering av om samfunnstryggleik på einskildområde bør vere ei dimensjonerande oppgåve for Forsvaret.
Vi veit at Nordvestlandet er ein del av landet der naturkatastrofer dei siste åra har råka hyppigast og hardast - og at HV her ofte vil ha ei viktig rolle i eit effektivt tverrsektorielt samarbeid. Det er difor særskilt viktig at dette samspelet blir vurdert grundig i denne delen av landet - og at behovet for forsvarsanlegg til bruk for opptrening av HV sine lokale mannskap blir sett i lys av dette før ein konklusjon blir dregen.
Etter det eg er kjend med, er lokale styresmakter lokalt og regionalt så langt ikkje involvert i prosessen, på trass av Forsvarsdepartementet si sterke vektlegging av samspel med det sivile samfunnet.