Liv Signe Navarsete (Sp): Dersom eit fylke finn det mest framtidsretta å drive kollektivtrafikk i offentleg eigarregi, etter at denne tenesta ei periode har vore konkurranseutsett, med kva for klausular vil TISA-avtala kunne sikre retten til eit slikt grep, og er det evt. andre klausular, som den sokalla ratchet-klausulen, som vil påverke eit slikt tilfelle?
Begrunnelse
Regjeringa er no på andre året i forhandlingar om TISA-avtala, ei internasjonal avtale for handel med tenester. Mellom anna har Public Services International og International Trade Union Confederation, som representerer mange titals millionar arbeidstakarar verda over, uttrykt sterk uro over effekten TISA-avtala kan få for det vi kallar offentlege tenester. Her i landet er Fagforbundet mellom dei som åtvarar sterkt mot konsekvensane av TISA-avtala. Avisa Nordlys skriv fredag 16. januar om uro i Troms omkring framtidas busstilbod i fylket, grunna forhandlingane om TISA-avtala. Nordlys påpeikar at EØS-reglane i dag opnar for at kommunar og fylke sjølve kan drifte og eige kollektivtilbod, men at TISA-regelverket vil innebere at ein kvar privatisering av offentlege tilbod blir umuleg å reversere. Ingrid Marie Kielland, kommunestyrerepresentant i Tromsø, konkluderer med at det hastar å få på plass eit offentleg busselskap, fordi ein ikkje kan snu og lage eit offentlig tilbod etter at TISA-avtala trer i kraft.