Jenny Klinge (Sp): Er Justisdepartementet tilfreds med framdrifta for å betre helikopterberedskapen i Noreg, og viss ikkje: kva slags planer har JD for å betre helikopterberedskapen?
Begrunnelse
P4 hadde 23. januar i år ein reportasje om helikopterberedskapen i Noreg, og viste til at ein tre og eit halvt år etter terroren 22. juli 2011 framleis ikkje har eit politihelikopter som er eigna til bruk av skarpskyttarar. Responstida til Forsvaret sine helikopter er éin time.