Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:495 (2014-2015)
Innlevert: 28.01.2015
Sendt: 28.01.2015
Besvart: 09.02.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Arbeidsministeren sin statssekretær Dahlberg Hauge skriv i Dagbladet 23. januar at alternativet til mellombels tilsetjing er arbeidsløyse, og at dette grunngjev behovet for å gjere fleire faste jobbar midlertidige.
Hva fagleg belegg har statssekretæren for denne påstanden?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Fast tilsetjing er hovudregelen i norsk arbeidsliv, i samsvar med arbeidsmiljølova § 14-9 første ledd. I Prop. 39 L (2014-2015) gjer regjeringa framlegg om at det skal vere høve til midlertidig tilsetjing i inntil tolv månader. Framlegget inneheld også reglar for å hindre at ein arbeidstakar blir verande i midlertidig tilsetjing eller at ei stilling utelukkande blir fylt av midlertidig tilsette, jf. nærare omtale i lovproposisjonen.
Det er ikkje riktig, slik det blir framstilt i spørsmålet, at framlegget i proposisjonen handlar om å gjere fleire faste stillingar midlertidige. Regjeringa har tru på at ei utviding av høvet til midlertidig tilsetjing vil kunne fungere som ein inngangsport for fleire av dei som i dag slit med å kome i arbeid. I Noreg varer dei fleste midlertidige tilsetjingane i relativt kort tid. Undersøkingar tyder på at om lag halvparten går over i fast stilling etter eitt år i midlertidig stilling. Dette vil seie at vi har gode føresetnader for at midlertidige tilsetjingar kan bli eit springbrett inn i arbeidslivet for fleire. Det er ein realitet at vi har alt for mange som står utanfor arbeidslivet som følgje av sjukdom eller nedsett arbeidsevne. Nokre har vanskar med å få jobb eller med å halde seg i arbeid over tid. Det gjeld særskilt personar med nedsett funksjonsevne, einskilde innvandrargrupper, unge og andre personar utan fullført vidaregåande opplæring. Det er krevjande, men nødvendig, å endre på dette.
Regjeringa vil leggje til rette for at flest mogleg kan delta i arbeidslivet. Ei fast tilsetjing er målet, men ei midlertidig tilsetjing er betre enn å stå utanfor arbeidsmarknaden. OECD gir ei grundig vurdering av midlertidig tilsetjing og andre atypiske kontraktar i sitt Employment Outlook for 2014. Ein viktig konklusjon er at dette kan vere eit springbrett til stabil sysselsetjing for mange arbeidstakarar, særleg for unge. OECD sine analysar viser at det er meir sannsynleg å ende opp i ei fast stilling for ein person som har vore midlertidig tilsett samanlikna med dei som har vore arbeidslause. Nyare forsking tyder på at det er tiltaksplassar i ordinære verksemder som er mest effektivt for å få personar med redusert arbeidsevne inn i arbeid. Det talar for at det å få prøve seg i ein midlertidig jobb kan gjere det lettare å oppnå fast tilsetjing.