Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:511 (2014-2015)
Innlevert: 29.01.2015
Sendt: 30.01.2015
Besvart: 09.02.2015 av finansminister Siv Jensen

Gerd Eli Berge (Sp)

Spørsmål

Gerd Eli Berge (Sp): Kan statsråden gje ei oversikt over andelen personar som er innvandrarar i samsvar med noverande SSB-def. og personar med fire utanlandsfødde besteforeldre i Noreg, for kvart fylke, i byane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø og Drammen og i bydelane i Oslo for perioden 1994-2014, og kan statsråden synleggjera tilsvarande tal med framskrivingar til 2040 både i samsvar med SSB sine tre hovudalternativ og med eit alternativ der innvandringa framover er lik gjennomsnittleg innvandring dei siste fem åra?

Begrunnelse

Demografien i Noreg har endra seg mykje dei siste åra og er framleis i stor endring. God kunnskap om framtidig demografi er viktig m.a. i planlegging av framtidig økonomisk politikk. Det blir bede om at statsråden i sitt svar på andel innvandrarar i fylke, byar og bydelane i Oslo viser landbakgrunnen til innvandrarar og til personar med fire utanlandsfødde besteforeldre fordelt på i) Norden, ii) Vest-Europa utanom Norden og Tyrkia, iii) EU-land i Aust-Europa, iv) Nord-Amerika og Oseania, v) Asia, vi) Afrika og vii) Sør- og M.-Amerika. I svaret som går på folketalsframskrivingar må gjerne statsråden bruka kategoriane R1, R2 og R3, slik SSB gjer i sine folketalsframskrivingar.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Eg viser til brev av 30. januar 2015 frå Stortingspresidenten med spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Gerd Eli Berge.
Dei vedlagte tabellane, som er utarbeidde av Statistisk sentralbyrå, gjev oversikt over utviklinga i kor stor del av befolkninga som er innvandrarar i Noreg sett under eit og fordelinga på fylka, byane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Tromsø og Drammen og bydelane i Oslo.
Vedlegg 1 viser talet på personar som er innvandrarar og kor stor del desse personane utgjer av den samla befolkninga. Innvandrarar er her slått saman med barn fødde i Noreg av innvandrarar (og som difor har fire utanlandsfødde besteforeldre). Tabellen omfattar åra 1998, 2000, 2002, 2006, 2010 og 2014. Statistisk sentralbyrå har justert den vanlege inndelinga etter landbakgrunn slik at inndelinga i tabellen stemmer med spesifikasjonen i brevet frå Stortinget. Innvandrarar frå land i Aust-Europa utanfor EU er slått saman med statslause og ikkje oppgjevne til ei restgruppe.

Statistisk sentralbyrå har gjort merksam på to høve som gjeld tala for bydelane i Oslo:
•For det første finst det berre tal frå 2000, og ikkje frå 1998. Det er difor teke med tal for 2000 òg for dei andre geografiske inndelingane, slik at dei blir samanliknbare.
•Det andre problemet er at Oslo fekk ny inndeling av bydelar i 2003, slik at det er éi inndeling for innvandrarar for åra 2000 og 2002 og ei anna inndeling frå og med år 2006.
I spørsmålet er det bedt om tal frå 1994. Statistisk sentralbyrå har gjort merksam på at dei har datafiler som inneheld opplysningar for åra før 1998/2000, men at det å utarbeide statistikk svarande til den første tabellen for åra før 1998 ville krevje programmeringsarbeid og datakøyringar på rådata som det diverre ikkje var praktisk mogleg å få til før tidsfristen. Ettersom det finst grunnlagsdata, kan ein likevel truleg produsere slike tall hvis det er ønskeleg. Når det gjeld kor stor del som vil vere innvandrarar i fylke og dei største byane i framtida, gjer ikkje Statistisk sentralbyrå slike berekningar som ein del av dei ordinære befolkningsframskrivingane. Likevel publiserte Statistisk sentralbyrå i 2012 ein studie der talet på innvandrarar i ulike delar av Noreg blei framskrivne (Texmon, 2012). Desse tala inneheld summen av innvandrarar og personar fødde i Noreg med to foreldre som hadde innvandra. Vedlegg 2 gjev att resultat frå denne studien. Her er tal for fylka (alle innvandrarar totalt, i eit mellomalternativ, høgalternativ og lågalternativ og eit alternativ utan innanlands flytting) og tal for Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Bergen (alle innvandrarar totalt og fordelte etter landgruppe, kun i mellomalternativet). Slike tal er ikkje laga for Tromsø og heller ikkje for bydelane i Oslo. Landgruppe 1 omfattar Vest-Europa, USA, Canada, Australia og New Zealand, Landgruppe 2 omfattar dei nye EU-landa i Aust-Europa, og Landgruppe 3 omfattar resten av verda. I spørsmålet er det også bedt om framskrivingar av innvandrarar i fylke og byar i eit alternativ der innvandringa framover er lik gjennomsnittleg innvandring dei siste fem åra. Slike tal finst ikkje på regionalt nivå, men i dei ordinære befolkningsframskrivingane for heile landet blir det laga eit alternativ MMMK der innvandringa gjennom heile framskrivingsperioden blir halden på same nivå som det innvandringa var i 2013. Vedlegg 3 viser desse tala frå befolkningsframskrivinga som kom i 2012, og som altså kun finst på nasjonalt nivå. For samanlikninga si skyld er òg dei tilsvarande tala for dei ordinære mellom-, høg- og lågalternativa lagde ved.

3 vedlegg til svar:

Lenke til vedleggene i pdf-format