Skriftlig spørsmål fra Gerd Eli Berge (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:512 (2014-2015)
Innlevert: 29.01.2015
Sendt: 30.01.2015
Besvart: 05.02.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Gerd Eli Berge (Sp)

Spørsmål

Gerd Eli Berge (Sp): Fast tilsetjing utan løn er ein realitet for fleire tilsette i bemanningsbyrå. Det synest som om arbeidsgjevar med denne ordninga veltar kostnader over på det offentlege.
Kan statsråden leggja fram naudsynte lovendringar i arbeidsmiljølova og ev. andre lover som er påkravde for å hindra at bemanningsbyrå kan tilsetja personar i faste og mellombelse stillingar utan garantert løn?

Begrunnelse

Fellesforbundet understreka på høyringa i arbeids- og sosialkomiteen onsdag 21. januar at tilsettingsforma "fast tilsetjing utan løn mellom oppdrag" har blitt dominerande innanfor bemanningsbransjen. Fellesforbundet meiner denne tilsetjingsforma ikkje har forankring i gjeldande lov. Statsråden viser i svar til stortingsrepresentant Lise Christoffersen dagsett 13. januar i spørsmål om såkalla fast tilsetjing utan garantilønn er i samsvar med gjeldande regelverk, til at reglane i arbeidsmiljølova òg gjeld for tilsette i bemanningsbransjen, men at det

"I tråd med vårt rettssystem er det domstolene som må ta stilling til om den enkelte arbeidsavtale er i samsvar med loven, og derved fastslår grensene i lovgivningen."

For at den lovgjevande forsamlinga skal kunna vedta lovendringar som slår fast at såkalla faste tilsetjingar utan garantiløn ikkje er i samsvar med gjeldende regelverk, må statsråden leggja fram dei konkrete lovendringane som må gjerast av Stortinget.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Som eg tidlegare har vist til i skriftleg svar til stortingsrepresentant Lise Christoffersen, er fast og mellombels tilsetjing dei to formene for tilsetjing som vert regulert i arbeidsmiljølova. Fast tilsetjing er hovudregelen, medan mellombels tilsetjing er eit unntak som kan nyttast på visse vilkår. Dette inneber at dei ulike tilsetjingstilhøva ein finn i verksemdene, må plasserast rettsleg enten som det eine eller det andre. Vilkåra og det nærare innhaldet i dei to tilsetjingsformene må avgjerast etter ei tolking av lova og rettspraksis i tillegg til andre kjelder. Etter mi meining lar det seg vanskeleg gjere å lovregulere tilsetjingsformene på ein slik måte at det ikkje oppstår tvistar. Avgjerdene til domstolane er samla sett best når det gjeld å trekke opp konkrete grenser i einskilde saker. Dei tilsette sine organisasjonar kan bidra økonomisk og juridisk overfor arbeidstakar i slike tvistar.
Som eg har nemnd tidlegare, meiner eg det er grunn til å følgje nøye med på utviklinga av formene for tilsetjing i bemanningsbransjen. Dette har departementet sett ulike forskingsinstitusjonar i gang med. Me har dessutan under planlegging fleire prosjekt på dette feltet.