Kjersti Toppe (Sp): Regjeringa har i samarbeidsavtalen med KrF og Venstre slått fast at bioteknologilova skal evaluerast, og at det ikkje vert innført eit offentleg tilbod om tidleg ultralyd eller eit tilbod om NIPD- blodprøve til alle gravide.
På kva slags måte skal bioteknologilova evaluerast, vert det gjort i form av ei stortingsmelding som så blir fulgt opp av eventuelle lovendringar, og kor tid planlegg statsråden å levere ei slik sak til Stortinget?
Begrunnelse
Bioteknologilova inneheld etiske vurderingar, som treng ein overordna diskusjon av prinsipp og verdiar, før ein går på dei konkrete forslaga. Dette kan best skje gjennom ei ny stortingsmelding. Statsråden har varsla fleire stortingsmeldingar som vert førebudd, blant anna stortingsmelding om legemiddelpolitikk, primærhelsetenesta, folkehelse og sjukehuspolitikk( nasjonal helse- og sjukehusplan). Spørsmålet er om statsråden også vil fremje ei Stortingsmelding om bioteknologi og kor tid dette vil skje.