Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:563 (2014-2015)
Innlevert: 06.02.2015
Sendt: 09.02.2015
Besvart: 13.02.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva for tollsatsar representerer utfordingar for Noreg i høve tilgjenge til EU sin marknad innanfor EØS-avtalen, kvi for representerer desse tollsatsane ei utfordring, og kva for avsetningsmogleheiter eller industrivekst ser ministeren for seg på spesifikke område knytt til konkrete endringar i desse tollsatsane?

Begrunnelse

Fiskeriministeren fortel mellom anna i fiskeribladet Fiskaren måndag 12. januar at ho vil ha den tyske matministeren Christian Schmidt til å legge press på EU i forhandlingane om EØS marknadstilgongen til norsk fisk.

Det er hevda, mellom anna i drøftinga om norsk EU-medlemsskap, at norsk fisk er utsett for store tollhindringar til EU-marknaden, og at toll dermed hindrar vidareforedling og eksport av bearbeidd norsk fisk. I ein slik debatt er det viktig å få klargjort dei konkrete tollhindringane til EU-marknaden.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: EU er den næraste og viktigaste eksportmarknaden for norsk sjømat. Dette er sist stadfesta i eksporttala frå 2014, kor 62 prosent av samla norsk sjømateksport gjekk til EU. Verdien av denne eksporten var på meir enn 42 milliardar kroner. I tillegg er EU ein stabil sjømatmarknad av stor betydning. Viktigheita av stabile handelsvilkår er nyleg demonstrert gjennom Russlands importstans for norsk sjømat sidan august i fjor. Samstundes som EU er vår viktigaste marknad, er vi ikkje nøgde med handelsvilkåra norske sjømatprodukt har i EU i dag. Om lag 70 prosent av norsk sjømateksport til EU, målt i verdi, vert i dag møtt med tollbelastning i EU. Norsk sjømat har i dag tollpreferansar for torsk og andre kvitfiskprodukt gjennom det såkalla ”Fiskebrevet” frå 1973 og gjennom Protokoll 9 til EØS-avtala, men EU opprettheld samstundes toll på viktige eksportprodukt som laks, sild, makrell og reker. Desse tollsatsane aukar med bearbeidingsgrada til produkta og er på 2-13 prosent for laks, 3 – 20 prosent for sild, 7,5 – 20 prosent for makrell og 7,5 – 20 prosent for reker. Samstundes har vi framleis toll på visse viktige bearbeida torskeprodukt, slik som klippfisk med 3,9 prosent. I tillegg til dette, møter norsk sjømateksport eit samansett system av 50 bilaterale importkvotar som er framforhandla med EU som kompensasjon for bortfall av frihandelsavtalar idet EU/EØS har vorte utvida. Tollsatsane på laks, sild, makrell og reker og systemet med tollfrie kvotar er ei utfordring for norsk sjømatnæring. Til dømes bidreg høg toll på foredla produkt, slik som 13 prosent toll på røykt laks og 20 prosent på foredla sildeprodukt, til å vanskeleggjere slik produksjon i Noreg. Eit godt eksempel på betydinga av tollsatsar og tollfrie kvotar, er produksjonen av sild i eddik og krydderlake. Desse produkta har 20 prosent toll på EU-marknaden i dag, men ein har gjennom forhandlingar med EU fått auka dei tollfrie kvotane for desse produkta. Det er sjølvsagt ikkje tilfredsstillande at enkelte av desse kvotane er tidsavgrensa og under reforhandling med EU, men betra vilkår har bidrege til at norske produsentar har kunne auke sin eksport av desse produkta til EU dei siste åra. Dette bidreg til at vi kan oppretthalde ein meir differensiert sjømatproduksjon i fleire norske bedrifter. Det er også ei konkret utfordring at viktige konkurrentland, som Island, Færøyane og Grønland, allereie har betre vilkår på EU-marknaden enn Noreg. Til dømes har Færøyane, men også Chile, nulltoll på laks i sine avtalar med EU, medan Noreg møter toll frå 2 prosent for heil, fersk laks og laksefilet til 13 prosent for røykt laks. Island har til dømes også betre vilkår for sin rekeeksport med null prosent toll, medan Noreg har 7,5 prosent toll. Toll på fryste, pilla reker har i fleire år bidrege til at vi har hatt ein handelslekkasje til Island, kor ”norske” reker har blitt foredla og endra opphav, og dermed har blitt eksportert til EU som islandske reker med nulltoll. Nyleg har det også kome fram at Canada vil få frihandel på fisk i sin frihandelsavtale med EU. Dette vil til dømes bety at Canada vil kunne få nulltoll på reker, etter ein overgangsperiode med tollfrie kvoter, for eit produkt som dei i dag har 20 prosent toll på. Canada er storprodusentar av kvitfiskprodukter og konkurransen på EU-marknaden vil verte skjerpa. Alt tyder på at også USA vil kunne få nulltoll på fisk dersom ein TTIP-avtale kjem på plass dei neste åra. I tillegg til tollbelastinga kjem det ei rekke kostnader for eksportørane knytt til administrative utgifter og tapte mogelegheiter ved at andre konkurrentar har betre marknadsshøve. Det største potensiale for auka verdiskaping ligg likevel i at produsentar og operatørar i eit fritt marknad kan legge opp til marknadstilpasning, planlegging og marknadstrategier på eit heilt anna grunnlag enn i dag. Sjømatnæringa er ei næring som vi ynskjer skal vekse i framtida. Dagens handelsvilkår i EU er eit resultat av fleire tiår med forhandlingar og avtalar med EU. Handelsregimet er samansett og ikkje tilpassa dei noverande handelsstraumane. Dei legg heller ikkje til rette for tilverking i Noreg. Difor er det særs viktig at norske myndigheiter arbeider for å hegne om dei vilkåra vi allereie har i EU, samstundes som vi ikkje kan slå oss til ro med at andre sjømateksportørar har betre vilkår. Skal vi sikre norsk tilverking av fleire pelagiske produkt, til dømes av krydder- og eddikmarinert sild, må vi sikre tollfri adgang til EU-marknaden. Skal vi forsøke å auke tilverking av røykt laks og andre lakseprodukt for eksport til EU, må vi ha like konkurransevilkår som andre operatørar i EU. Det same gjeld for makrell og reker. Regjeringa legg difor stor vekt å sikre betre handelsvilkår for sjømatnæringa i EU, til dømes gjennom dei pågåande forhandlingane om EØS-bidrag og marknadsadgang for fisk. Dette er eit viktig bidrag til å sikre konkurransevilkåra for ei næring vi ynskjer skal utvikle seg vidare og såleis bidra til større verdiskaping.