Liv Signe Navarsete (Sp): Vil Noreg, dersom Noregs opningstilbod i TISA-forhandlingane ikkje blir endra på det relevante området, vere forplikta til å tillate internasjonale byggefirma frå TISA-landa å etablere seg som AS i Noreg på lik linje med norskeigde byggefirma, og dermed også ha tilgjenge til å hente uavgrensa med arbeidskraft frå EØS-området?
Begrunnelse
Forhandlingane for TISA-avtala ser ut til å bli gjenstand for meir politisk debatt i EU enn det me til no har sett i Noreg. Europaparlamentet har funne grunn til å ta politisk grep om det som skjer i TISA-forhandlingane. Parlamentarikaren Viviane Reding leiar arbeidet med dette, og er i gong med å presentere EU-parlamentet sine føringar for forhandlingane, sokalla "green lines" og "red lines", med krav om kva avtala må innehalde, og, ikkje minst, kva avtala ikkje skal innehalde dersom EU skal godkjenne den. Reading har bedt om meir openheit i forhandlingsprosessen rundt TISA-avtala.
I Noregs opningstilbod står det på side 19 at Noreg opnar for utanlandsk bedriftsetablering (commercial precence) innan «construction and related engineering services». Det er av stor interesse å klargjere kva for sektorar Noreg bind seg til å opne gjennom TISA-forhandlingane, mellom anna innan byggebransjen.