Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:575 (2014-2015) Innlevert: 10.02.2015 Sendt: 10.02.2015 Besvart: 17.02.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen
Jenny Klinge (Sp): I Brønnøysund Avis 05.02.15 er det oppslag om at sorenskrivaren ved Alstahaug tingrett ikkje vil bli erstatta etter fråtreden. Det blir opplyst at domstolen skal blir styrt av sorenskrivaren i Rana tingrett. Meiner statsråden at ei slik ordning er forsvarleg og i tråd med gjeldande regelverk, eller er dette ei form for sniknedlegging av domstolar utan politisk handsaming som statsråden vil gripe inn i?
Anders Anundsen: Domstoladministrasjonen (DA) har orientert departementet om at dei for tida vurderar eit tettare samarbeid mellom Alstadhaug tingrett og Rana tingrett. Eit slikt samarbeid kan mellom anna innebere ei felles leiing for dei to tingrettane. DA har opplyst at dei vil vurdere kva for formelle rammer som vil vera viktig for eventuelt å kunne etablere eit samarbeid, og kva for juridiske og praktiske premissar som må leggast til grunn. Så snart DA har gjort si vurdering vil dei innhente synspunkt frå dei to domstolane og arbeidstakarorganisasjonane før ei eventuell avgjerd om å etablere eit samarbeid tas. Eg avventar på denne bakgrunn DAs vurdering.