Kjersti Toppe (Sp): Riksadvokaten har i publikasjon nr. 1/2015 undersøkt etterforskinga og den påtalemessige behandlinga i den såkalla Monika-saka i Hordaland politidistrikt. Rapporten viser svikt i etterforskinga på ei rekke punkt. Fleire tar til ordet for ei ekstern gransking av Hordaland politidistrikt.
Vil statsråden informere Stortinget om korleis Riksadvokatens rapport vil følgjast opp, korleis ein skal hindre liknande svakheiter i andre etterforskingar og vurderer statsråden behov for ekstern gransking?
Begrunnelse
Riksadvokaten si arbeidsgruppe har gjort ei kvalitetsvurdering av etterforskinga og den påtalemessige behandlinga i Monika- saka. Politiet i Hordaland la vekk saka i august 2012 som "intet straffbart forhold." Det vart lagt til grunn at barnet hadde tatt sitt eige liv. Ved årsskiftet 2013/2014 kontakta ein etterforskar ved Hordaland Politidistrikt ein næraste overordna og opplyste at han, etter å ha gått i gjennom dokumenta i saka, meinte at saka burde takast opp att. I rapporten han blei pålagt å skrive, kom det fram totalt 21 forslag til nye etterforskingsskritt. Men korkje ansvarleg påtalejurist eller politimester vedtok å ta opp att saka, og det blei heller ikkje bestemt at saka eller etterforskaren sin rapport skulle sendast til Kripos for vurdering.
Arbeidsgruppa som har undersøkt etterforskinga og den påtalemessige behandlinga i Monika - saka, skriv i rapporten at dei meiner at kvaliteten på den etterforskinga som er gjort, var mangelfull. Arbeidsgruppa meiner politiet og påtalemyndigheitene må utarbeide system for å sikre at kvaliteten på det som politiet gjer held god nok fagleg standard, og at manglar fangast opp og rettast, slik at dei ikkje utviklar seg og pregar etterforskinga.
Arbeidsgruppa skriv at eit av hovudfunna når det gjaldt politiet si etterforsking var fråvære at ein stadleg, engasjert og kompetent etterforskingsleiing. Arbeidsgruppa støttar i rapporten anbefalingane om sertifiseringssystem for avhør, og at det bør utgreiast eit sertiseringssystem for etterforskingsleiing av større, krevjande saker.